YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 15

15
Jesu avskilstale til læresveinane held fram. Han samanliknar seg med vintreet og dei med greinene, og manar dei med det til å verta verande i livssamfundet med han og til å vera trugne mot dette samfundet, 1-8. Han bed dei dessutan elska kvarandre, med di han held fram sin store kjærleik, som han syner med di han ofrar livet sitt for dei, hev gjort dei til sine vener, openberra heile Guds frelses-råd for dei og valt dei ut til apostelyrket, 9-17. Liksom verdi hatar han, vil ho hata dei og, fordi dei høyrer han til og vitnar um han, 18-27.
1Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt. 3De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk.#Joh 13,10 4Ver i meg, so er eg i dykk! Som greini ikkje kann bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, so kann ikkje de heller utan de er i meg.#Joh 6,56 5Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; for utan meg kann de ingen ting gjera.#2 Kor 3,5; Fil 2,13 6Um nokon ikkje vert verande i meg, vert han kasta ut som ei grein og visnar; folk sankar dei i hop og kastar dei på elden, og dei brenn.#Matt 3,10; 7,19 7Vert de verande i meg, og vert ordi mine verande i dykk, so bed um kva de vil, og de skal få det!#Joh 15,16; 14,13-14; Matt 7,7-8; 21,22; Jak 1,5; 1 Joh 3,22 8På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal verta mine læresveinar.#Matt 5,16; Fil 1,11; 1 Pet 2,12; Joh 8,31 9Som Faderen hev elska meg, so hev eg elska dykk; ver i min kjærleik! 10Held de bodi mine, so er de i min kjærleik, liksom eg hev halde bodi åt Far min og er i hans kjærleik.#1 Joh 5,3 11Dette hev eg tala til dykk so mi gleda kann verta i dykk, og dykkar gleda kann vera fullkomi.#Joh 16,24 12Det er bodet mitt at de skal elska kvarandre, som eg hev elska dykk.#Joh 13,34 13Ingen hev større kjærleik enn at han gjev livet sitt for venene sine.#Ef 5,2; 1 Joh 3,16; Joh 10,11.15 14De er venene mine so sant de gjer det eg segjer til dykk.#Matt 12,50 15Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger; for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer; men dykk kallar eg vener, for alt eg hev høyrt av Far min, hev eg sagt til dykk.#Joh 8,26 16De hev ikkje valt ut meg, men eg hev valt ut dykk, og sett dykk til å ganga ut og bera frukt - frukt som varer ved, so Faderen kann gjeva dykk alt de bed um i mitt namn.#Mark 16,15 17Det er det eg legg dykk på hjarta at de skal elska kvarandre!#Joh 15,12 18Når verdi hatar dykk, so skal de vita at ho hev hata meg fyre dykk.#1 Joh 3,13 19Var de av verdi, so vilde verdi elska sitt eige. Men for di de ikkje er av verdi, men eg hev valt dykk ut or verdi, difor hatar verdi dykk.#1 Joh 4,5; Joh 17,14; Gal 1,10 20Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin; hev dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk og; hev dei halde seg etter mitt ord, vil dei halda seg etter dykkar ord og.#Joh 13,16; Matt 10,24; 24,9 21Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, av di dei ikkje kjenner den som sende meg.#Joh 16,3 22Var eg ikkje komen og hadde tala til dei, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei ingen ting å orsaka syndi si med.#Joh 9,41; Luk 12,47 23Den som hatar meg, hatar Far min og. 24Hadde eg ikkje gjort slike verk ibland dei som ingen annan hev gjort, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei set dei, og like vel hatar dei både meg og Far min.#Joh 10,37 25Men det er av di det laut sannast det ordet som er skrive i lovi deira: Utan orsak hata dei meg.#Sal 69,5 26Når målsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sannings-Anden, som gjeng ut frå Faderen, so skal han vitna um meg.#Joh 14,16 27Men de og skal vitna; for de hev vore med meg frå det fyrste.#Apg 1,8.21-26; 5,32

Currently Selected:

Johannes 15: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in