YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 16

16
Jesu avskilstale til læresveinane endar. Han talar um dei trengslone som ventar dei, 1-4; lovar dei på nytt den Heilage Ande som skal vitna for verdi um han og verket hans, leida dei fram til sanningi og ved det gjera dei dugelege til å bera fram dette vitnemålet, 5-15; tek upp at lovnaden sin um ei gledeleg attersyn etter den stutte skildnaden når han døyr, og um det samfundet han då skal skipa med dei; i det samfundet skal dei få uppfyllte alle bøner som dei bed i hans namn, og gjenom Anden få kjenna all sanning, 16-28; segjer fyreåt at læresveinane skal røma, men bed dei vera frimodige i han, 29-33.
1Dette hev eg tala til dykk so de ikkje skal koma til å styggjast. 2Dei kjem til å støyta dykk ut or synagogone; ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, trur at han tener Gud med det;#Matt 24,9; Apg 9,1-19 3og det gjer dei av di dei ikkje kjenner Faderen og ikkje meg heller.#Joh 15,21; 1 Kor 2,8 4Men dette hev eg tala til dykk, so de, når den tidi kjem, skal koma i hug eg hev sagt dykk det; eg sa det ikkje til dykk frå det fyrste, for då var eg hjå dykk.#Joh 13,19; 14,29 5Men no gjeng eg til han som hev sendt meg, men ingen av dykk spør meg: Kvar gjeng du av?#Joh 7,33 6men for di eg hev tala dette til dykk, er hjarta dykkar fullt av sorg. 7Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda han til dykk.#Joh 14,16 8Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom: 9um synd, av di dei ikkje trur på meg; 10um rettferd, av di eg gjeng til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11um dom, av di hovdingen yver denne verdi er dømd.#Joh 12,31; Kol 2,15 12Endå hev eg mykje å segja dykk, men de kann ikkje bera det no. 13Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk.#Joh 14,26; 15,26 14Han skal herleggjera meg; for det er av mitt han tek og lærer dykk. 15Alt det Faderen hev, er mitt; difor sa eg, at han tek av mitt og lærer dykk.#Joh 17,10 16Um ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og um ei liti stund att skal de få sjå meg.#Joh 13,33; 14,19 17Då sa nokre av læresveinane seg imillom: Kva meiner han med dette som han segjer til oss: Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg, og: Eg gjeng til Faderen? 18Kva meiner han med det: ei liti stund, sa dei; me skynar ikkje kva han talar um. 19Jesus skyna at dei vilde spyrja han, og han sa til dei: Er det det de dryfter med kvarandre, at eg sa: Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg? 20Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda.#Sal 30,6.12 21Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneske er født til verdi.#Jes 26,17 22Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk.#Jes 35,10; 51,11; Joh 14,18 23Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn.#Joh 14,13 24Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi! 25Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen. 26Den dagen skal de beda i mitt namn, og eg segjer dykk ikkje at eg vil beda Faderen for dykk; 27for Faderen sjølv elskar dykk, for di de hev elska meg og trutt at eg hev gjenge ut frå Gud.#Joh 17,8.25 28Eg hev gjenge ut frå Faderen og er komen hit til verdi; no fer eg burt frå verdi att og gjeng til Faderen.#Joh 13,3 29Læresveinane segjer: Sjå, no talar du endefram og segjer ingi likning.#Joh 16,25 30No veit me at du veit alt og ikkje treng at nokon spør deg; difor trur me at du er komen frå Gud.#Joh 21,17 31No trur de! svara Jesus; 32sjå det kjem ei stund - ja, ho er alt komi - då de skal spreidast kvar til sin heim og lata meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; Faderen er med meg.#Sak 13,7; Matt 26,31.56 33Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.#Joh 14,27; Rom 5,1; Ef 2,14; Kol 1,20

Currently Selected:

Johannes 16: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in