1
Johannes 16:33
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.
Compare
Explore Johannes 16:33
2
Johannes 16:13
Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk.
Explore Johannes 16:13
3
Johannes 16:24
Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi!
Explore Johannes 16:24
4
Johannes 16:7-8
Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda han til dykk. Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom
Explore Johannes 16:7-8
5
Johannes 16:22-23
Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk. Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn.
Explore Johannes 16:22-23
6
Johannes 16:20
Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda.
Explore Johannes 16:20
Home
Bible
Plans
Videos