Johannes 14
14
Jesu avskilstale til læresveinane sine. Dei må ikkje uroast av di han no gjeng frå dei; han gjeng berre burt og vil stella til ein verestad til dei i det ævelege gudsriket; dit skal dei ein gong koma, so sant dei held fast ved trui på han, som er eitt med Faderen, 1-11. Han lovar dei at dei skal halda fram med hans verk på jordi, og at han vil gjeva dei all den hjelpi dei treng til det, når dei bed um det i hans namn, 12-14; at Gud skal senda dei sin Ande til hjelpesmann, 15-17, og at han sjølv vil koma til dei att når han hev stade upp, og skipa samfund med dei, med di både han og Faderen vil syna seg for dei og vera hjå dei, 18-24. Han tek upp att lovnaden um Anden, som skal fullenda den upplæringi dei hev fenge av han sjølv; gjev dei sin fred; bed dei gleda seg yver at han no gjeng inn til herlegdomen hjå Gud, og vitnar at han gjeng mot lidingi og dauden i friviljug lydnad mot Faderens vilje, 25-31.
1Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!#Joh 12,44 2I huset åt Far min er det mange rom; var det ikkje so, hadde eg vel då sagt dykk det; for eg gjeng burt og vil stella til ein verestad åt dykk.#Luk 16,9 3Og når eg hev gjenge burt og stelt til ein verestad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, so de og skal vera der eg er.#Joh 12,26; 17,24; 1 Tess 4,17 4Og vegen dit eg gjeng, den veit de. 5Tomas segjer til han: Herre, me veit ikkje kvar du gjeng av; korleis kann me då vita vegen? 6Jesus svarar: Eg er vegen og sanningi og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjenom meg.#Jes 35,8; Joh 11,25; 10,9 7Hadde de kjent meg, so hadde de kjent Far min og, og frå denne stund kjenner de han og hev set han. 8Filip segjer til han: Herre, lat oss få sjå Faderen, so hev me nok!#2 Mos 33,18 9Jesus svarar: No hev eg vore so lang ei tid i hop med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som hev set meg, hev set Faderen; korleis kann du då segja: Lat oss få sjå Faderen?#Joh 12,45 10Trur du ikkje at eg er i Faderen, og Faderen er i meg? Dei ordi eg talar til dykk, talar eg ikkje av meg sjølv; men Faderen, som bur i meg, han er det som gjer sine verk.#Joh 14,20; 10,38; 17,21.23; 8,28.38; 5,19 11Tru meg at eg er i Faderen, og Faderen er i meg! Um ikkje det, so tru meg for sjølve verki skuld!#Joh 5,36; 10,25 12Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur på meg, han skal gjera dei same verki som eg gjer, og han skal gjera større verk enn dei. For eg gjeng til Faderen, 13og alt de bed um i mitt namn, det skal eg gjera, so Faderen kann verta herleggjord i Sonen.#Joh 15,16; 16,23-24; Matt 7,7 14Bed de meg um noko i mitt namn, so skal eg gjera det. 15Elskar de meg, so held de bodi mine;#1 Joh 5,3 16då skal eg beda Faderen, og han skal gjeva dykk ein annan målsmann, som skal vera hjå dykk i all æva,#Joh 14,26; 15,26; 16,7; Luk 24,49; Apg 2,1-13 17Sannings-Anden, som verdi ikkje kann få, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. De kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera inni dykk.#Joh 7,39; Apg 5,32 18Eg vil ikkje lata dykk vera att åleine som foreldrelause born; eg kjem til dykk.#Joh 16,22; 20,19-25 19Um ei liti stund ser verdi meg ikkje lenger; men de ser meg; for eg lever, og de skal leva. 20Den dagen skal de skyna at eg er i Far min, og de er i meg, og eg i dykk. 21Den som hev bodi mine og held dei, han er den som elskar meg, og den som elskar meg, han skal Far min elska, og eg skal elska han og openberra meg for han. 22Judas - ikkje Iskariot - segjer til han: Herre, korleis hev det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verdi? 23Jesus svara so: Um nokon elskar meg, held han seg etter ordet mitt, og Far min skal elska han, og me skal koma til han og taka vår bustad hjå han.#Joh 14,15; 1 Kor 3,16; 6,19 24Den som ikkje elskar meg, held seg ikkje etter ordi mine; og ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Far min's, som sende meg. 25Dette hev eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk. 26Men målsmannen, den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg hev sagt dykk.#Joh 15,26; 16,7; 1 Joh 2,20.27 27Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verdi gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje reddast!#Fil 4,7; Joh 14,1 28De høyrde eg sa til dykk: Eg gjeng burt og kjem til dykk att. Elska de meg, so gledde de dykk for di eg gjeng til Faderen; for Faderen er større enn eg.#Joh 14,2-3.18; 10,29 29Og no hev eg sagt dykk det fyrr det hev hendt, so de skal tru når det hender.#Joh 13,19 30Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for no kjem hovdingen yver verdi. I meg eig han ingen ting,#Joh 12,31; 16,11 31men so verdi skal sjå at eg elskar Faderen og gjer so som han hev sagt til meg - reis dykk, og lat oss ganga herifrå!#Joh 10,18
Currently Selected:
Johannes 14: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2