YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 56

56
Alle som vil halda Guds bod, heidningar og gjeldingar og, skal verta lemer av lyden hans og få lut i alt godt der, 1-8. Men fyrst skal Israel gjevast i fiendevald til straff for den vondskapen som serleg syner seg hjå føraranene åt folket, 9-12.
1So segjer Herren: Akta på det som er rett, og gjer rettferd! For mi frelsa er alt i kjømdi, og mi rettferd skal syna seg snart.#Jes 46,13; 62,1; Rom 13,11 2Sæl er den mann som gjer dette, det menneske som held fast på det, som held sabbaten utan vanhelging og varar si hand frå vonde verk.#Jes 58,13-14; 2 Mos 31,13-17; 3 Mos 19,3.30; 26,2; Jer 17,22.24-25 3Den framande må ikkje segja, han som held seg til Herren: Herren vil visst skilja meg frå sitt folk! Og gjeldingen må ikkje segja: Sjå, eg er eit turka tre!#Jes 14,1; 5 Mos 23,1; Apg 10,34-48 4For so segjer Herren: Dei gjeldingar som vil halda mine sabbatar og velja det som eg hev hugnad i, og halda fast på mi pakt, 5dei skal eg i mitt hus og innanfor mine murar gjeva eit minne og eit namn som er betre enn søner og døtter; eit æveleg namn skal eg gjeva dei, eit namn som aldri vert utrudt.#Op 2,17; 3,5 6Og dei framande som held seg til Herren, og vil tena han og elska Herrens namn, og vil vera hans tenarar, alle som held sabbaten utan vanhelging og held fast på mi pakt,#Sal 25,10; 103,17-18 7dei vil eg føra til mitt heilage berg og gleda dei i mitt bønehus, deira brennoffer og slaktoffer skal vera til hugnad på altaret mitt; for mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk.#Sal 2,6; 15,1-5; 1 Kong 8,43; Jer 7,11; Esek 20,40; Matt 21,13; Mark 11,17 8So segjer Herren, Israels Gud, han som samlar dei burtdrivne av Israel: Endå fleire vil eg samla til han, attåt dei som alt er samla til han.#Mi 4,6-7; Sef 3,19-20; Joh 10,16 9Alle de villdyr i marki, kom og et, ja, alle de villdyr i skogen! 10Israels vaktmenner er alle blinde, dei veit ingen ting. Alle er dei mållause hundar, som ikkje kann gøy; dei ligg og drøymer og likar å sova; 11dei er hækne hundar, vert aldri mette. Og slike folk er hyrdingar, som ikkje veit å gjeva gaum! Alle hev dei vendt seg sin eigen veg, kvar til si eigi vinning, alle som ein.#Jes 53,6; Jer 6,13; 8,10 12Kom, eg skal henta vin, so vil me drikka rusdrykk; som i dag skal morgondagen vera, yverlag herleg!#Jes 22,13-14

Currently Selected:

Jesaja 56: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in