Jesaja 55
55
Dei som er fatige i åndi, vert bedne til å koma og ufortent få lut i Guds rike og æveleg frie nåde i Messias; i hans rike skal heidningane og få rom, 1-5. Dei ugudlege må, medan det endå er tid, venda um til Herren, som er rik på miskunn, 6.7. Herrens tankar og vegar er høgre enn menneski sine, og hans ord skal visst og sant verka det som det lovar; lyden hans skal verta herleg frelst og velsigna til gleda og fagnad for heile skapningen, 8-13.
1Å, alle de tyrste, kom til vatnet, og de som ikkje hev pengar! Kom, kjøp og et, ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk!#Jes 12,3; 44,3; Sak 13,1; Joh 7,37 2Kvi gjev de pengar ut for det som ikkje er brød, og dykkar vinning for det som ikkje kann metta? Å, høyr på meg! So skal de eta det som godt er, og dykkar sjel skal njota feitemat!#Sal 22,27-32; Ordt 28,25; Jes 25,6; Esek 34,14; Mal 4,2 3Halla øyra hit og kom til meg! Høyr, so skal dykkar sjel få leva! So gjer eg med dykk ei æveleg pakt og gjev dykk Davids usviklege nåde.#Jes 54,10; 61,8; Sal 105,8.10; 111,9; Jer 50,5; 2 Sam 7,12-16; 1 Kong 8,25; Sal 89,4-5.50; Apg 2,30; 13,34#55,3 Davids den nåde som er lova David; 54,10; 61,8. Salm. 105,8.10; 111,9. Jer. 50,5. 4Sjå, til vitne for folkeslag hev eg sett han, til hovding og styrar for folkeslag.#Op 1,5; 3,14; Sal 2,8; 72,8-16#55,4 han David i Messias. Openb. 1,5; 3,14. Salm. 2,8; 72,8fg. 5Ja, du skal kalla på folk som du ikkje kjenner, og heidningfolk som ikkje kjenner deg, skal skunda seg til deg; for Herrens skuld, din Gud, og for Israels Heilage skuld, for han herleggjer deg.#Jes 2,2-4; 44,5 6Søk Herren medan han er å finna, kalla på han den stund han er nær!#1 Krøn 28,9; Jer 29,13; Hos 10,12; Am 5,4.6; Sef 2,3 7Den ugudlege vende seg frå sin veg og den urettferdige frå sine tankar og vende seg um til Herren, so skal han miskunna han, og til vår Gud, for han skal rikleg forlata.#Esek 18,30-31; 33,11; Joel 2,12-13; Jes 54,10; Sal 103,3-5; 130,4.7-8; Luk 15,20-24 8For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, segjer Herren. 9Nei, so høg som himmelen er yver jordi, so er mine vegar høgre enn dykkar vegar, og mine tankar høgre enn dykkar tankar. 10For liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer upp att dit, men vatnar jordi og fær henne til å bera og gro og gjev såmannen såkorn og brød åt den som et, 11so skal det vera med ordet mitt, som gjeng ut or min munn; det skal ikkje koma att til meg tomt, men verka det som eg vil, og fullføra det som eg sender det til. 12For med gleda skal de draga ut, og i fred skal de verta førde fram; fjell og haugar skal setja i med fagnadrop fyre dykk, og alle tre på marki skal klappa i hender.#Sal 98,8 13I staden for klunger skal det veksa cypressar, i staden for tistlar veksa myrt; dermed fær Herren eit ærenamn, eit æveleg merke, som aldri vert utstroke.#Jes 41,19
Currently Selected:
Jesaja 55: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2