YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 57

57
Fyrst talar profeten um at dei rettferdige israelitane vert kalla burt i fred, utan at nokon aktar på Herrens fyremål med det: å spara dei for den ulukka som trugar, 1.2; so held han ein straffetale for dei ugudlege og ein trøystetale for dei gudlege israelitane. Dei ugudlege gjer narr av dei gudlege, endå dei sjølve er den fråfalne, uekte luten av folket; dei fer med avgudsdyrking og er fulle av otte for menneske, men utan otte for Herren, og hev vore ihuga til å søkja samband med heidningane; difor skal og Herren heimsøkja dei med harde straffedomar. Derimot skal han miskunna den luten av folket som straffedomane hans hev fenge mykt, føra dei heim att til Sion og gjeva dei fred. I denne freden skal ikkje dei ugudlege hava nokon lut, 3-21.
1Den rettferdige set livet til, og ingen legg seg det på hjarta, og gudlege menner vert rivne burt, men ingen ansar at den rettferdige vert riven burt fyrr ulukka kjem.#2 Kong 22,20 2Han gjeng inn til fred; dei kviler på sine lægje dei som gjekk vegen sin beint fram. 3Men kom her hit, de trollkjerringborn, du ætt av horkar og skjøkja!#Matt 12,39; 16,4 4Kven hev de til låtteløgje? Kven geipar de åt og retter ut tunga? Er de ikkje sjølve brots-ungar, ei ljugarætt? 5De som brenn av lystnad ved terebintone, under kvart eit grønt tre, de som slaktar born i dalane, i skortor og skard!#1 Kong 14,23; 2 Kong 16,4; Jer 2,20; 3,13; Esek 20,28; 16,21; 23,39 6Håle steinar i bekken er din deil; dei, ja, dei er din lut; for dei og rende du drykkoffer ut og bar matoffer fram - skulde eg vera nøgd med det?#57,6 steinar som dei dreiv avgudsdyrking med. 7På høge og store fjell reidde du lega di; der og steig du upp og ofra slaktoffer.#Jes 65,7; Hos 4,12-14 8Og bakum døri og dørskia sette du ditt minnesmerke; du snudde ryggen til meg, klædde av deg og steig upp, gjorde lega di breid og tinga med dei; du lika å liggja med dei, du såg deira skam.#5 Mos 6,9; 11,20#57,8 minnesmerke 5 Mos. 6,9; 11,20.#57,8 dei avgudane. 9Du drog til kongen med olje, og du kom med mange angande salvar, du sende dine bod langt burt, og du steig djupt ned, radt til helheimen.#Hos 12,2 10Um du enn vart trøytt på den lange ferdi, so sa du ikkje: Eg gjev meg yver! Du fann ny kraft i di hand, difor vart du ikkje veik. 11Kven var du redd og ottast, sidan du gav deg burt i lygni og ikkje tenkte på meg og ikkje la deg det på hjarta? Er det ikkje so: Eg hev tagt i lange tider, difor ottast du ikkje meg?#Sal 50,21; Jes 42,14 12Eg vil kunngjera di rettferd og dine verk, og dei kann ikkje hjelpa deg. 13Når du skrik, so lat avgudsflokken din berga deg! Nei, ein vind skal føykja dei alle burt, ei vindgufs taka dei med seg; men den som flyr til meg, skal erva landet og få til eiga mitt heilage berg.#Sal 2,12; 84,13; Jes 60,21; Sal 15,1-5; Jes 56,7 14Og det skal verta sagt: Brøyt, brøyt, jamna veg! Tak kvar støytestein burt frå vegen åt mitt folk!#Jes 40,3; 42,16; 62,10 15For so segjer han som er høg og upphøgd, han som tronar æveleg og heiter «Heilag»: I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er broten og nedbøygd i åndi#Sal 92,9; 97,9; 113,5-9; Luk 1,49; Jes 66,2; Sal 34,19; 51,19; 138,6; 147,3 16For eg trettar ikkje til æveleg tid, og eg er ikkje stødt og stendigt harm; for då laut åndi ormektast for meg, dei sjeler som eg hev skapt.#Sal 103,9; Mi 7,18; Sal 78,38-39 17Eg harmast for Israels syndige hækna og slo han, eg løynde mi åsyn og var harm, og han fylgde i fråfall sin hjartans veg.#Jes 54,8; 59,2; Mi 3,4 18Hans vegar hev eg sett, og no vil eg lækja han, eg vil leida han og gjeva han og hans syrgjande trøyst. 19Herren skaper frukt av lippor; fred, fred for fjerr og nær, segjer han, og eg lækjer han.#Hebr 13,15; Jes 52,7; Ef 2,17#57,19 lippor lov og pris. 20Men dei ugudlege er som det bårande havet; det kann ikkje halda seg stilt, og bylgjone rotar upp skarn og søyla.#Jud 1,13 21Dei ugudlege hev ingen fred, segjer min Gud.#Jes 48,22

Currently Selected:

Jesaja 57: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in