YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 54

54
Å sjå til hev Herren støytt Israels-lyden reint ifrå seg, som ei barnlaus kona; men han, ektemannen hennar, vil sjå til henne att og gjeva henne mange born, med di heidningane og skal koma med i lyden, og han vil til æveleg tid urikkande halda si fredspakt med han, 1-10. Han vil pryda lyden med stor herlegdom, alle borni skal vera upplærde av han, og han vil verna han mot alle fiendar, 11-17.
1Fagna deg, du barnlause, du som ikkje fødde! Set i med fagnadrop og jubla, du som ikkje hadde rider! For den einslege kvinna hev fleire born enn ho som hev mann, segjer Herren.#Gal 4,27; Sak 9,9 2Vida ut tjeldromet ditt, og lat dei spana ut tjeldet du bur i, hindra det ikkje! Tøyg tjeldsnorene dine, og slå pålane fast! 3For du skal breida deg både til høgre og vinstre, og di ætt skal taka heidningfolk til eiga og folka upp att øydelagde byar.#Esek 36,33 4Ottast ikkje, for du skal ikkje verta sviken, ver ikkje skamfull, for du skal ikkje verta til skammar. Nei, skammi frå ungdomen skal du gløyma, og vanæra frå enkjestandet skal du ikkje minnast meir.#Klag 1,1.20 5For din skapar er mannen din, Herren, allhers Gud, er namnet hans, og Israels Heilage er din utløysar, Gud for all jordi heiter han.#Hos 2,19; 12,6; Ef 5,25-33 6For som ei burtstøytt kvinna med hjartesorg kallar Herren deg, og kor kann ein skjota frå seg sitt ungdoms-viv? segjer din Gud.#1 Sam 1,10.15; 2 Kong 4,27 7Ei liti stund gjekk eg frå deg, men i stor miskunn vil eg samla deg.#Jes 60,10; Sak 1,16 8I ei harmflaga løynde eg mi åsyn for deg ei stund, men med æveleg nåde miskunnar eg deg, segjer Herren, utløysaren din.#Sal 30,6.8; Jes 57,17 9For som Noah-flaumen er dette for meg; som eg svor at Noah-flaumen ikkje meir skal koma yver jordi, so hev eg no svore at eg ikkje meir vil harmast på deg eller skjenna på deg.#1 Mos 8,21; 9,11.15 10For um fjelli vik og haugane vert rikka, so skal ikkje nåden min vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje verta rikka, segjer Herren, han som miskunnar deg.#Sal 146,6; Jes 61,8; Esek 34,25-31; 37,26; Sal 103,13; Jes 49,15; Jer 31,20 11Du arme stormdrivne, som ingi trøyst hev funne! Sjå, eg legg dine steinar i blyglans og byggjer grunnmuren din med safirar;#Op 21,19-23 12eg gjer dine murtindar av rubinar og portane av karfunkelsteinar og heile din ringmur av dyre steinar. 13Og alle dine born skal vera upplærde av Herren, og stor fred skal borni dine hava.#Jer 31,34; Hebr 8,11; Joh 6,45; Rom 5,1; Joh 14,27; 16,33 14Ved rettferd skal du verta grunnfest; ver trygg for vald - du hev inkje å ottast, og for redsla, ho når deg ikkje! 15Slær dei seg saman mot deg, so kjem det ikkje frå meg; dei som slær seg saman mot deg, skal falla i striden mot deg.#Rom 8,31; Luk 20,18 16Sjå, eg skaper smeden, som blæs i kolelden og lagar våpen til sitt bruk, og eg skaper tynaren med til å gjera mein. 17Alle våpen som dei smider mot deg, skal vanheppast, og kvar tunga som trettar med deg, skal du få domfelt; det er den arv som Herrens tenarar fær, og den rett eg gjev dei, segjer Herren.#1 Kor 6,2

Currently Selected:

Jesaja 54: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in