YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 53

53
Profeten let Israel i framtidi, når det hev vendt um til Messias, sanna at det fyrr vanvyrde og vanda han i vantru for di han hadde so ring ein skapnad og var nedra so djupt, 1-3, men at det no hev kome til den yvertydingi at han ikkje heve lide for si eigi skuld, men for deira misgjerningar og til frelsa for det, 4-6. So skildrar profeten hans toluge liding og hans uskyldige pinefulle daude, 7-9, og tyder det so at lidingi og dauden hev sin grunn i Guds rådgjerd; når han hev bore seg sjølv fram til skuldoffer, skal han til løn for lidingi og dauden få ei stor åndeleg ætt; han skal leva æveleg og føra mange fram til rettferd og sæla ved trui på han, 10-12.
1Kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?#Joh 1,5.11; 12,38; Rom 10,16; Jes 52,10 2Han rann som ein kvist for hans augo, som ein renning or turre jordi; hadde han ingen skapnad eller herlegdom, me såg han, men han såg ikkje hugnadleg ut.#Jes 52,13; 11,1.10; 52,14 3Vanvyrd var han, so folk heldt seg undan, ein mann i pinslor og velkjend med sjukdom, han var som ein som ingen vil sjå på, vanvyrd, og me rekna han for inkje.#Jes 49,7; 50,6; Sal 22,7; Mark 9,12; Joh 7,47-48#53,3 sjukdom d. e. liding. 4Men våre sjukdomar var det han tok på seg, og våre pinslor var det han bar, medan me trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og nedbøygd.#Matt 8,17; Joh 1,29; 1 Pet 2,24 5Ja, han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder; straffi låg på han, so me skulde få fred, og ved hans sår hev me fenge lækjedom. 6Alle for me vilt som sauer, me vende oss kvar sin veg; men Herren let råma han det som me hadde skuld i alle.#Sal 119,176; Esek 34,5; 1 Pet 2,25 7Skamfaren vart han, endå han var nedbøygd, og han let ikkje upp sin munn, som lambet dei fører til slakting, og sauen som tegjer når han vert klypt; han let ikkje upp sin munn.#Matt 26,63; 27,14; Mark 14,61; Apg 8,32; 1 Pet 2,23; Jer 11,19 8Med vald og dom vart han teken burt; men kven i hans samtid tenkte vel då han vart utrudd or levandelandet, at det var for mitt folks brot han vart heimsøkt?#1 Kor 15,3 9Millom ugudlege gav dei han grav, men hjå ein rikmann var han i dauden; for ingen urett hadde han gjort, og det fanst ikkje svik i hans munn.#Matt 27,38.57.60; Joh 8,46; 2 Kor 5,21; 1 Pet 2,22; 1 Joh 3,5 10Men det tektest Herren å krasa han, han slo han med sjukdom; når hans sjel bar fram skuldofferet, skulde han sjå avkjøme og leva lenge, og Herrens vilje skulde hava framgang ved han.#Jes 53,8; Rom 6,9-10 11For si sjele-møda skal han sjå det og mettast; når dei kjenner han, skal min rettvise tenar gjeva rettferd til mange; og deira misgjerningar skal han bera.#Jes 53,4-5; Rom 4,25; 5,19#53,11 det at Herrens vilje hev framgang ved han. 12Difor vil eg gjeva han mange til lut, og sterke skal han få til herfang, for di han tømde si sjel til dauden og vart rekna millom brotsmenner, medan han bar syndi åt mange, og han bad for brotsmenner.#3 Mos 17,11; Joh 17,2.6; Sal 68,19; Mark 15,28; Luk 22,37; 23,34#53,12 sjel i og med blodet sitt.

Currently Selected:

Jesaja 53: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in