1
Jesaja 53:5
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Ja, han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder; straffi låg på han, so me skulde få fred, og ved hans sår hev me fenge lækjedom.
Compare
Explore Jesaja 53:5
2
Jesaja 53:6
Alle for me vilt som sauer, me vende oss kvar sin veg; men Herren let råma han det som me hadde skuld i alle.
Explore Jesaja 53:6
3
Jesaja 53:4
Men våre sjukdomar var det han tok på seg, og våre pinslor var det han bar, medan me trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og nedbøygd.
Explore Jesaja 53:4
4
Jesaja 53:3
Vanvyrd var han, so folk heldt seg undan, ein mann i pinslor og velkjend med sjukdom, han var som ein som ingen vil sjå på, vanvyrd, og me rekna han for inkje.
Explore Jesaja 53:3
5
Jesaja 53:7
Skamfaren vart han, endå han var nedbøygd, og han let ikkje upp sin munn, som lambet dei fører til slakting, og sauen som tegjer når han vert klypt; han let ikkje upp sin munn.
Explore Jesaja 53:7
6
Jesaja 53:10
Men det tektest Herren å krasa han, han slo han med sjukdom; når hans sjel bar fram skuldofferet, skulde han sjå avkjøme og leva lenge, og Herrens vilje skulde hava framgang ved han.
Explore Jesaja 53:10
7
Jesaja 53:2
Han rann som ein kvist for hans augo, som ein renning or turre jordi; hadde han ingen skapnad eller herlegdom, me såg han, men han såg ikkje hugnadleg ut.
Explore Jesaja 53:2
8
Jesaja 53:12
Difor vil eg gjeva han mange til lut, og sterke skal han få til herfang, for di han tømde si sjel til dauden og vart rekna millom brotsmenner, medan han bar syndi åt mange, og han bad for brotsmenner.
Explore Jesaja 53:12
9
Jesaja 53:11
For si sjele-møda skal han sjå det og mettast; når dei kjenner han, skal min rettvise tenar gjeva rettferd til mange; og deira misgjerningar skal han bera.
Explore Jesaja 53:11
10
Jesaja 53:8
Med vald og dom vart han teken burt; men kven i hans samtid tenkte vel då han vart utrudd or levandelandet, at det var for mitt folks brot han vart heimsøkt?
Explore Jesaja 53:8
11
Jesaja 53:9
Millom ugudlege gav dei han grav, men hjå ein rikmann var han i dauden; for ingen urett hadde han gjort, og det fanst ikkje svik i hans munn.
Explore Jesaja 53:9
Home
Bible
Plans
Videos