YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 31

31
Profeten ropar ve att yver folket for di det søkjer hjelp hjå egyptarane i staden for hjå Herren; både hjelparane og dei som dei skulde hjelpa, skal ganga til grunns, 1-3. Herren vil heimsøkja Jerusalem med ei trengsla som det ikkje skal kunna draga seg undan, men sidan verna og frelsa byen, 4.5. Men skal folket som hev falle so djupt, få lut i denne frelsa, lyt det venda um til Herren, 6. Når det soleis gjev upp all avgudsdyrking, skal Herren sjølv utan mannehjelp slå assyrarane og jaga dei burt, 7-9.
1Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og lit på hestar og stolar på vogner for di dei er so mange, og på hestfolk for di dei er so mannsterke, men ikkje vender augo til Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!#Jes 30,2; Sal 20,8; 44,7 2Men han og er vis, han let ulukka koma, og ordi sine tek han ikkje i seg att; men han reiser seg mot huset åt dei vonde og mot dei som er hjelp for illgjerdsmenner.#Jes 45,7; Am 3,6 3Og egyptarane er menneske og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla; og dei skal alle saman ganga til grunns.#Sal 33,17 4For so sa Herren til meg: Liksom ei løva, ei ungløva, burar yver rovet sitt, um ein heil flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje redd for ståket, soleis skal Herren, allhers Gud, fara ned og strida mot Sions fjell og mot Jerusalemshaugen.#Op 19,11-16 5Liksom fuglane breider ut vengene sine, soleis skal Herren, allhers Gud, verja Jerusalem, verja og frelsa, ganga framum og berga.#5 Mos 32,11; Sal 91,4; Matt 23,37; 2 Mos 12,13.23#31,5 framum liksom i Egyptarland. 6Vend um til han som de er so djupt falne frå, de Israels-born!#Jer 3,12; Esek 14,6 7For i den tidi skal kvar ein av dykk kasta frå seg sine sylvgudar og gullgudar, som dykkar hender hev gjort dykk til å synda med.#Jes 2,20; 27,9; 30,22 8Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneske til, skal øyda han, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar.#Jes 37,36-38 9Og berget hans skal røma i redsla, og fyrstane hans skal skræmast burt ifrå fana si, segjer Herren, han som hev elden sin i Sion og omnen sin i Jerusalem.#2 Kong 19,36-37#31,9 berget den mektige assyrarkongen.

Currently Selected:

Jesaja 31: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in