Jesaja 32
32
Profeten spår at når heimsriket hev falle, skal det verta ei lukkeleg framtid under ein rettvis konge; denne spådomen fær si fulle uppfylling i Messias og hans rike, 1.2. Då skal det vera slutt med Israels forherding, 3.4, og menneski skal ikkje lenger verta dømde etter stand og midel, men etter huglag og hått, 5-8. Fyrst - og det innan stutt tid - skal det nok koma ei svær tyning yver det trygge folket, 9-14; men sidan skal den Heilage Anden verta utrend yver det, og rettferd og æveleg fred råda i landet, medan heren åt heimsriket skal falla og hovudstaden verta djupt nedbøygd, 15-20.
1Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingane skal styra etter rett,#Jes 11,4-9; Sal 45,7-8; 72,1-16; Jer 23,5-6; 33,15-16 2og kvar ein av dei skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som bekker i øydemarki, som skuggen av eit veldigt fjell i eit uppturka land.#Jes 25,4 3Då skal augo åt dei som ser, ikkje vera blinde, og øyro åt dei som høyrer, skal vera grannhøyrde,#Jes 6,9-10; 29,9-10.18 4hjarto åt dei tankelause skal evla skyna; og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt. 5Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den svikfulle skal ein ikkje kalla hugstor. 6For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; so gjer han vanheilag gjerd og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.#Ordt 13,16; 15,2 7Og våpni åt den svikfulle er vonde; han tenkjer ut meinråder til å føra dei spaklyndte i ulukka med falske ord, og det når den fatige talar det som rett er.#1 Kong 21,7-16 8Men gjævningen hev gjæve tankar, og han stend fast ved det som gjævt er. 9De sorglause kvinnor, statt upp og høyr det eg segjer! De trygge døtter, vend øyra dykkar til min tale! 10Um år og dag skal de skjelva, de trygge! For det er slutt med all vinberging, fruktonni kjem ikkje. 11Vert forfærde, de sorglause! Skjelv, de trygge! Klæd dykk nakne og sveip sekk um dykkar lender! 12Dei slær seg for bringa og klagar yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet. 13På åkrane åt mitt folk, skyt tornar og tistlar upp, ja yver alle gledehus i den jublande byen. 14For slottet er tomt, mugen i byen er burte; haug og vakttårn hev vorte til holor for ævelege tider, til frygd for villasen, til beite for bølingar -#2 Krøn 27,3; Neh 3,26-32#32,14 haug Ofelhaugen i Jerusalem. 15til dess Anden vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til grøderikt land, og grøderikt land vert rekna som skog.#Jes 44,3-5; Esek 39,29; Joel 3,1; Apg 2,1-13; Jes 29,17 16Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim på det grøderike landet. 17Og rettferds verk skal vera fred, og rettferds frukt skal vera ro og tryggleik til æveleg tid. 18Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.#Jes 33,20 19Men det skal hagla når skogen fell, og djupt skal byen kuast ned.#Jes 10,18.33-34; 30,30; 29,4; Matt 11,23#32,19 skogen den veldige fiendeheren. 20Sæle er de som sår attmed alle vatn, som slepper uksen og asnet på frifot!
Currently Selected:
Jesaja 32: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2