YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 30

30
Profeten ropar ve yver folket for di det søkjer hjelp hjå Egyptarland mot assyrarane utan å rådføra seg med Herren; det skal berre få skam og skade av det, 1-7. Profeten lyt forkynna dette for folket for di det ikkje vil høyra på Herrens ord, men krev av profetane hans at dei skal svika sitt kall og forkynna for det slikt som det likar. At det soleis vanvyrder Herrens ord og ikkje vendar um til han og i trui ventar roleg på hans frelsa, men søkjer berging i verdslege råder, det er ei synd som vil føra tyning yver dei, 8-17. Herren vil like vel ikkje sleppa folket sitt, men gjenom trengsla få det til å lyda på hans ord og gjeva upp all avgudsdyrking og so gjeva det si rike signing når heimsriket fell, 18-26. Herrens hand skal råma assyrarane med veldige, tynande slag, til gleda for folket hans, 27-33.
1Usæle dei trassige born, segjer Herren, dei som fullfører råd som ikkje er frå meg, og gjer avtale utan min Ande, so dei legg synd til synd,#Jes 1,2.5 2dei som fer av stad til Egyptarland og hev ikkje rådspurt meg - dei vil finna vern hjå Farao og søkja livd i skuggen av Egyptarland.#Jes 31,1 3Men Faraos vern skal verta dykk til skam, og livdi i skuggen av Egyptarland til skjemd.#Jes 20,5; 36,6 4For fyrstane deira er komne til Soan, og sendebodi deira kjem radt til Hanes;#Jes 19,11.13; Sal 78,12#30,4 deira fyrstane åt Israel.#30,4 Soan 19,11.13. 5alle vert dei til skammar ved eit folk som ikkje gagnar dei, som ikkje er til hjelp og ikkje til bate, men berre er til skam og skjemd. 6Framsegn um dyri som dreg mot sud. Gjenom eit land med naud og trengsla, der løva og løvemor, hoggorm og fljugande seraform hev heimen sin, fører dei eigedomen sin på asenrygg og skattane sine på kamelkrugg til eit folk som ikkje gagnar dei.#Jes 14,29 7Aldri nokon gong vil Egyptarland hjelpa; difor kallar eg det: storskrytaren som sit still.#Jes 36,6 8Gakk no inn, skriv det på ei tavla medan dei ser på, og teikna det inn i ei bok, so det kann vera for komande dagar, for alltid, til æveleg tid!#Jes 8,1 9For det er eit trassigt folk, ljugarborn, born som ikkje vil høyra Herrens lov, 10som segjer til sjåarane: De skal ikkje sjå, og til profetane: De skal ikkje skoda for oss det som rett er; tala smeikjande til oss, skoda synkvervingar, 11vik burt frå vegen, tak ut av stigen, få Israels Heilage burt frå augo våre! 12Difor segjer Israels Heilage so: Etter di de hev vanda dette ordet, og set dykkar lit til vald og krokvegar og studt dykk på slikt -#Sal 62,11; Jes 47,10 13difor skal denne misgjerdi verta dykk som ein falleferdig mole som skyt seg lenger og lenger fram på ein høg mur, til dess muren brått, i ein augneblink, brotnar ned og vert krasa.#Sal 62,4 14Han vert krasa liksom ein krasar krusty, som ein slær sund utan skånsel, so det millom molane ikkje finst eit brot til å henta eld med frå gruva eller ausa vatn med av brunnen.#Jer 19,10-11 15For so sa Herren, Israels Gud, Israels Heilage: Dersom de vender um og held dykk stille, skal de verta frelste; i stilla og i tillit skal dykkar styrke vera. Men de vilde ikkje.#Sal 37,7; Jer 6,16; Matt 23,37 16De sa: Nei, på hestar vil me fljuga - difor skal de fly - og på snøggføtte dyr vil me rida - difor skal forfylgjarane dykkar vera snøgge.#Jes 31,1.3 17Eit tusund skal røma for trugsmål frå ein mann; berre fem mann trugar, skal de røma til dess dykkar leivning er lik ei flaggstong på toppen av eit fjell og eit merke på ein haug.#5 Mos 32,30 18Difor biar Herren med å vera dykk nådig; og difor held han seg langt burte i det høge med si miskunn mot dykk; for Herren er doms Gud; sæle er alle dei som biar på han!#Sal 2,12; 34,9; 40,5 19For du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du må ikkje gråta meir; han vil vera deg nådig når du ropar um hjelp; når han høyrer det, svarar han deg.#Jes 58,9; 65,24 20Herren skal gjeva dykk trengsels-brød og fengsels-vatn, og då skal lærarane dine ikkje meir løyna seg, men augo dine skal sjå lærarane dine,#1 Kong 22,27#30,20 fengsels-vatn 1 Kong. 22,27. 21og når du vik av til høgre eller til vinstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: Dette er vegen, gakk på den!#5 Mos 5,32; 28,14; Jos 1,7; Ordt 4,27; Jer 6,16 22Og du skal halda for ureint sylvplatone på dine utskorne bilete og gyllingi på ditt støypte bilete; du skal kasta det burt som skitne fillor; ut med deg! skal du segja til det.#1 Mos 35,2; Jos 24,23; 1 Sam 7,3; Jes 2,20; 27,9; 31,7 23Då skal han gjeva regn for sædet som du sår i jordi, og brød av grøda på jordi, og det skal vera både kraftigt og saftigt; den dagen skal bufeet ditt beita på ei vid eng.#3 Mos 26,4; 5 Mos 11,14; 28,12; Jer 5,24; Joel 2,23 24Og uksane og asni som arbeider jordi, skal eta salta blandingsfôr, som vert kasta med skufl og kastegreip. 25Og på kvart høgt fjell og på kvar høg bakke skal det vera bekker, straumar av vatn, på den store slaktedagen, når tårni fell.#Jes 41,18; 34,2-15; Esek 39,4.17; Op 19,17-18 26Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sju gonger klårare, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren lækjer skaden som folket hans hev fenge, og bind um såret av slaget det fekk. 27Sjå, Herrens namn kjem langt burtanfrå, brennande er vreiden hans, og tung er røyken som stig upp; lippone hans svell av harm, og tunga hans er som øydande eld,#2 Mos 24,17; 5 Mos 4,24; 9,3; 2 Sam 22,9; Hebr 12,29 28og vreide-pusten hans er som ei yverfløymande å som når til halsen; han vil sælda heidningfolki i tyningssåldet og leggja eit beisl i munnen åt folki til å leida dei vilt. 29Dykkar song skal ljoda som i den natti då høgtidi vert innvigd, og det skal vera hjartans gleda, som når de gjeng med fløytespel upp til Herrens fjell, til Israels berg.#2 Mos 12,42; Sal 42,5#30,29 høgtidi påskehøgtidi. 30Og Herren skal lata si veldige røyst ljoda og syna sin nedfarande arm i brennande harm og øydande eldsloge, storm og støyteregn og hagl.#2 Mos 9,23; Jos 10,11; Jes 29,6 31For røysti åt Herren skal Assur verta forfærd, han som slær med kjeppen.#Jes 10,24 32Og kvar gong staven som Herren etter si rådgjerd let falla på han, fer ned, skal det ganga fyre seg med klang av trummor og citarar, og gong på gong skal han lyfta sin arm og strida imot han. 33For ei brandtuft er longe tilbudd; for kongen og er ho tilbudd, djup og vid; bålet hennar hev eld og ved i mengd; lik ein svovelstraum set Herrens ande det i brand.#Op 19,20; 20,14-15; 21,8; Jes 11,4

Currently Selected:

Jesaja 30: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in