Jesaja 29
29
Profeten forkynner at Herren um stutt tid skal lata Jerusalem verta trengd av ein mannsterk fiendeher (assyrarane), men so brått frelsa byen med ein skræmeleg straffedom yver fiendane, 1-8. Folket skynar ikkje det som profeten forkynner; for Herren straffar det med åndeleg blindskap, av di gudsdyrkingi det fer med, ikkje er anna enn hyklarskap - det er berre menneskebod dei fylgjer, 9-14. Kor rangsnudde dei er, syner seg i det at dei ikkje bryr seg um Guds ord gjenom profetane, men legg planar um eit samband (med Egyptarland), som dei meiner dei kann halda løynt for Gud, 15.16. Um stutt tid skal han skipa verdi um, skapa seg ein lyd av dei fatige og arme, men tyna det stolte folket, som ikkje kjenner han lenger, 17-24.
1Usæl Ariel, Ariel, du by der David slo læger! Legg år til år, lat høgtidene ganga sin rundgang!#29,1 Ariel Guds løva. 2Då vil eg gjera det trongt for Ariel, og der skal vera sorg og jammer; men so skal det verta meg eit verkeleg Ariel.#Jes 33,7#29,2 det Jerusalem. 3Eg vil slå læger rundt ikring deg, og eg vil ringa deg inne med vaktpostar og byggja vollar imot deg.#Luk 19,43 4Då skal du tala lågmælt frå jordi, og frå moldi skal du mulla fram ordi dine; og røysti di skal høyrast frå jordi liksom frå ein som manar daudingar, og frå moldi skal talen din kviskra. 5Men so skal hopen av fiendane dine verta som dumba, og flokken av valdsmennene som fjukande agner, og det skal henda i ein augneblink, dåtteleg.#Jes 37,36 6Frå Herren, allhers Gud, skal heimsøkjing koma med bulder og bråk og med veldig dun, kvervelvind og storm og øydande eld.#Jes 30,30 7Og alle dei mange heidningfolki som strider mot Ariel, skal verta som ein draum, ei syn um natti, alle dei som strider mot det og borgi i det, og som trengjer seg inn på det. 8Og det skal ganga liksom når den svoltne drøymer og tykkjer han et, men når han vaknar, då er han tom, og liksom når den tyrste drøymer og tykkjer at han drikk, men når han vaknar, sjå, då er han maktlaus, og sjeli hans ormektast; soleis skal det ganga alle dei mange heidningfolki som strider mot Sionsfjellet. 9Stir på kvarandre, og vert øre! Stir dykk blinde, og ver blinde! De er drukne, men ikkje av vin; de ragar, men ikkje av sterk drykk. 10For Herren hev rent ut yver dykk ei tung svevns ånd, og han hev late att augo dykkar, profetane, og sveipt yver hovudi dykkar, sjåarane.#1 Sam 9,9 11Og soleis hev syni av alt i hop vorte dykk som ordi i ei forsigla bok; Rettar ein henne til ein som skynar skrift, og segjer: Les dette! so segjer han: Eg kann ikkje, for ho er forsigla. 12Eller ein retter boki til ein som ikkje skynar skrift, og segjer: Les dette! so segjer han: Eg skynar ikkje skrift. 13Og Herren segjer: Etter di dette folket held seg nær til meg med munnen og ærar meg med lippone, men held hjarta sitt langt burte frå meg, og deira otte for meg er eit menneskebod som dei hev lært,#Sal 78,36-37; Matt 15,8-9; Mark 7,6-23 14sjå difor vil eg halda ved med å fara underleg åt med dette folket, underleg og ovunderleg, og visdomen åt deira vismenner skal forgangast, og vitet åt deira vituge menner skal løyna seg.#Jes 44,25; Ob 1,8; 1 Kor 1,19-25 15Usæle dei som vil løyna i dypti for Herren det som dei hev fyre seg, og som gjer gjerningane sine i myrkret, og som segjer: Kven ser oss, og kven kjenner oss?#Job 24,15-17; Sal 10,11.13; 94,7; Esek 8,12 16Å kor rangsnudde de er! Er pottemakaren å rekna lik med leiret hans, so verket kunde segja um han som gjorde det: Han hev ikkje gjort meg, og det som er laga, segjer um han som laga det: Han hev ikkje vit på det? 17Berre eit lite bel endå, so skal Libanon verta til grøderik mark, og den grøderike marki verta rekna som skog.#Jes 32,15 18På den dagen skal dei dauve høyra ordi i boki, og ut frå dimma og myrker skal augo åt dei blinde sjå,#Jes 35,5; Matt 11,5 19Og dei spaklyndte skal gleda seg dess meir i Herren, og dei fatige millom menneski fegnast i Israels Heilage; 20for burte er valdsmannen, og ute er det med spottaren, og utrudde vert alle som er årvake til å gjera urett,#Jes 29,5 21dei som gjer folk til syndarar for eit ord skuld og legg snaror for den som hevdar retten på tinget, og som med uppdikt rengjer retten for den rettferdige.#Am 5,10 22Difor segjer Herren so til Jakobs hus, Herren som løyste ut Abraham: No skal Jakob ikkje verta til skammar, og no skal han sleppa å verta bleik i andletet; 23for når han og borni hans ser det mine hender hev gjort midt ibland dei, då skal dei helga namnet mitt, og dei skal helga Jakobs Heilage, og Israels Gud skal dei ottast.#Jes 8,13 24Dei som for vilt i si ånd, skal læra vit, og dei som mukkar, skal taka mot lærdom.
Currently Selected:
Jesaja 29: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2