YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 47

47
Josef leider fem av brørne sine fram for Farao; Jakob og heile huslyden hans fær lov til å bu i Gosen. Jakob vert henta til Farao og velsignar han, 1-10. Josef syter for brød åt farsfolket sitt og egytarane, 11-26. Jakob let Josef gjera eiden på at han skal jorda han i Kana'ans-land, 27-31.
1So kom Josef med bod um dette til Farao og sa: Far min og brørne mine hev kome hit frå Kana'ansland med bufeet sitt, både smått og stor, og med alt det dei eig; og no er dei i Gosenlandet. 2Og av alle brørne sine tok han ut fem mann og leidde dei fram for Farao. 3Og Farao spurde brørne hans: Kva hev de til leveveg? Då sa dei til Farao: Tenarane dine er fehyrdingar, og det same var federne våre.#1 Mos 46,33-34 4Me vilde gjerne halda til her i landet, sa dei til Farao; for det fanst ikkje beite for buskapen vår, av di det er eit svært uår i Kana'ansland. Lat difor tenarane dine få bu i Gosenlandet! 5Då sa Farao til Josef: Far din og brørne dine hev kome hit til deg. 6Du hev heile Egyptarland fyre deg! Lat far din og brørne dine få bu i den beste luten av landet! Dei kann få bu i Gosenlandet. Og veit du um at det er dugande karar imillom dei, so set dei til rådsmenner yver bufeet mitt! 7Og Josef henta Jakob, far sin, og leide han fram for Farao. Og Jakob velsigna Farao. 8Og Farao spurde Jakob: Kor mange er dine levedagar og år? 9Då sa Jakob til Farao: Dei dagar og år eg hev ferdast på jordi, er hundrad og tretti år. Få og låke hev dei vore, mine levedagar og år, og ikkje hev dei nått so høgt som levedagane og åri åt federne mine i den tidi dei ferdast på jordi.#1 Krøn 29,15; Sal 39,13; 119,19; Hebr 11,13 10Og Jakob velsigna Farao, og so bad han vel leva med Farao. 11Og Josef let far sin og brørne sine få seg bustader og gav dei jord i Egyptarland, i den beste luten av landet, Ra'amseslandet, so som Farao hadde sagt han fyre. 12Og Josef sytte for brød åt far sin og brørne sine og alt farsfolket sitt og gav dei etter som dei hadde mange born til. 13Og det fanst ikkje brød i heile landet. For naudi var ovleg stor, so både Egyptarlandet og Kana'anslandet var reint avmakta av svolten. 14Og Josef samla alle dei pengar som fanst i Egyptarlandet og i Kana'anslandet; han fekk dei for kornet dei kjøpte. Og Josef gøymde pengane i huset åt Farao. 15So traut pengane både i Egyptarland og i Kana'anslandet. Då kom alle egyptarane til Josef og sa: Gjev oss brød! Skal me døy for augo dine, berre av di me ikkje hev fleire pengar? 16Og Josef sa: Kom med bufeet dykkar, so skal eg gjeva dykk brød for bufeet, um de ikkje hev fleire pengar. 17So kom dei til Josef med bufeet sin, og Josef gav dei brød for hestane, og for sauene og nauti som dei hadde, og for asni; og han heldt dei med brød det året for alt bufeet deira. 18So leid det året, og året etter kom dei til han og sa: Me vil ikkje dylja for deg, herre, at pengane hev trote, og buskapen vår hev du fenge. Me hev ikkje anna att å bjoda deg enn kroppane og jordi vår. 19Kvi skal me tynast for augo dine, både me og jordi vår? Kjøp du oss og jordi vår for brød, so skal me med jordi vår vera trælar under Farao. Lat oss berre få såkorn, so me kann halda livet og ikkje døy burt, og so jordi ikkje skal øydast. 20So kjøpte Josef all jord i Egyptarland til Farao; for egyptarane selde mannjamt jordvegane sine, av di svolten tvinga dei; og Farao vart eigande all jordi i landet. 21Og han let folket byta bustad by for by i heile Egyptarland, frå ende til annan. 22Berre prestejordi kjøpte han ikkje. For prestane hadde viss innkoma av Farao og levde av det som Farao hadde etla dei. Difor selde dei ikkje jordi si. 23Og Josef sa til folket: Sjå, no hev eg kjøpt både dykk og jordi dykkar til Farao. Her hev de såkorn; så no åkrane! 24Men av det de haustar, skal de gjeva femteparten til Farao, og fire partane skal de hava til å så åkrane med og til mat for dykk sjølve og dei som er i husi hjå dykk, og til mat for borni dykkar. 25Då svara dei: Du hev berga livet vårt. Vil berre du vera god mot oss, so vil me gjerne vera trælar under Farao. 26So gjorde Josef det til ei lov - og ho gjeld den dag i dag for jordi i Egyptarland - at Farao skulde hava femteparten av avlen. Berre prestejordi kom ikkje under Farao. 27Israel vart buande i Egyptarland, i Gosenlandet, og dei fekk seg eigedomar der og voks og auka seg uhorveleg.#Sal 105,24; Apg 7,17 28Og Jakob levde syttan år i Egyptarland, og dagane hans Jakob, leveåri hans, vart hundrad og sju og fyrti år. 29Då det leid med Israel, og han venta på enden, sende han bod etter Josef, son sin, og sa til han: Kjære deg, held du aldri so lite av meg, so legg handi di i fanget mitt, og lova meg at du vil vera snild og trugen med meg og ikkje jorda meg i Egyptarland,#1 Mos 24,2 30Lat meg få kvila hjå federne mine! Før meg burt frå Egyptarland og jorda meg i gravi deira! Og han svara: Eg skal gjera som du segjer. 31Då sa Israel: Gjer eid på det! So gjorde han eiden på det. Og Israel lutte seg ned yver hovudgjerdi og tilbad.#1 Kong 1,47; Hebr 11,21

Currently Selected:

1. Mosebok 47: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in