YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 46

46
Jakob fer til Egyptarland med heile sitt hus; Herren syner seg for han i Be'erseba og tek upp att dei lovnadane han hev gjeve han fyrr, 1-7. Heile ætti åt Jakob vert upprekna, 8-27. Josef møter far sin og segjer til brørne sine at dei skal verta fehyrdingar i Gosen, 28-34.
1Og Israel tok ut med alt det han hadde, og då han kom til Be'erseba, ofra han slaktoffer til han som var Gud åt Isak, far hans.#Sal 105,23 2Då tala Gud til Israel i ei syn um natti og sa: Jakob, Jakob! Og han svara: Ja, her er eg. 3Då sa han: Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje redd for å fara ned til Egyptarland; for der vil eg gjera deg til eit stort folk!#1 Mos 35,11 4Eg skal sjølv fara med deg ned til Egyptarland, og eg skal fylgja deg upp att og; det kann du lita på! Og Josef skal leggja att augo dine.#1 Mos 50,1 5So tok Jakob ut frå Be'erseba, og Israels-sønene køyrde Jakob, far sin, og borni og konone sine i dei vognene som Farao hadde sendt til å henta han i. 6Og dei tok med seg bufeet sitt og godset sitt som dei hadde lagt seg til i Kana'ansland. So kom dei til Egyptarland, Jakob og all hans ætt med han; 7sønene og sonesønene, døtterne og sonedøtterne, heile si ætt, hadde han med seg til Egyptarland. 8Og dette er namni på Israels-borni som kom til Egyptarland, Jakob og sønene hans: Ruben, eldste son åt Jakob,#2 Mos 6,14-30; 4 Mos 26,5-9; 1 Krøn 2,1-55; 3,1-24; 4,1-43; 5,1-26; 6,1-81; 7,1-40; 8,1-40 9og sønene åt Ruben: Hanok og Pallu og Hesron og Karmi; 10sønene åt Simeon: Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar, og Saul, som han hadde fenge med ei kana'anitarkvinna; 11og sønene åt Levi: Gerson og Kehat og Merari; 12og sønene åt Juda: Er og Onan og Sela og Peres og Serah - men Er og Onan døydde i Kana'ansland - og sønene åt Peres: Hesron og Hamul; 13og sønene åt Issakar: Tola og Puva og Job og Simron; 14og sønene åt Sebulon: Sered og Elon og Jahle'el. 15Dette var sønene åt Lea, dei som ho fekk med Jakob i Mesopotamia, og so fekk Dina, dotter hans, i alt tri og tretti sjeler, søner og døtter. 16Og sønene åt Gad: Sifjon og Haggi, Suni og Esbon, Eri og Arodi og Areli; 17Og sønene åt Aser: Jimna og Jisva og Jisvi og Bria, og so Serah, syster deira; og sønene åt Bria var Heber og Malkiel. 18Dette var borni åt Silpa, som Laban gav Lea, dotter si; ho fekk dei med Jakob, det var sekstan sjeler. 19Og sønene åt Rakel, kona hans Jakob, var Josef og Benjamin. 20Og Josef fekk born i Egyptarland; han fekk dei med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On; dei heitte Manasse og Efra'im.#1 Mos 41,50-52 21Og sønene åt Benjamin: Bela og Beker og Asbel, Gera og Na'aman, Ehi og Ros, Muppim og Huppim og Ard. 22Dette var dei borni som Jakob fekk med Rakel, i alt fjortan sjeler. 23Og son åt Dan: Husim; 24og sønene åt Naftali: Jahse'el og Guni og Jeser og Sillem. 25Dette var sønene åt Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si; ho fekk dei med Jakob, i alt sju sjeler. 26Alle dei som kom med Jakob til Egyptarland, og som var ætti ifrå han, umfram konone åt sønene hans, var alt i alt seks og seksti sjeler. 27Og sønene åt Josef, som han fekk i Egyptarland, var tvo. Alle som kom til Egyptarland av Jakobs-ætti, var sytti sjeler.#2 Mos 1,5 28Og han sende Juda fyre seg til Josef og bad at han vilde syna han vegen til Gosen. Og so kom dei til Gosenlandet. 29Og Josef let setja fyre vogni si og for upp til Gosen, til møtes med Israel, far sin; og med same han fekk sjå han, kasta han seg um halsen på han og gret lenge med armane um halsen hans. 30Då sa Israel til Josef: No vil eg gjerne døy, sidan eg hev set deg i andletet og veit at du endå er i live. 31Og Josef sa til brørne sine og farsfolket sitt: No fer eg upp til Farao og bera fram bod um dette og segja: Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kana'ansland, hev kome hit til meg. 32Og desse mennene er sauehyrdingar; dei hev stødt drive med å ala fe, og sauene og nauti sine og alt det dei eig, hev dei havt med seg hit. 33Når so Farao kallar dykk til seg og spør: Kva hev de til leveveg? 34so skal de svara: Fehyrdingar hev tenarane dine vore alt ifrå ungdomen og til no, både me og federne våre - so de kann få bu i Gosenlandet; for egyptarane hev ein stygg til alle sauehyrdingar.

Currently Selected:

1. Mosebok 46: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in