YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 48

48
Jakob vert sjuk; Josef kjem til han med båe sønene sine, og Jakob tek dei til sine søner, 1-7. Han velsignar dei og set den yngste framum den eldste, 8-20; han gjev Josef eit landstykke framum brørne hans, 21.22.
1Ei tid etter dette hadde hendt, kom dei og sa til Josef: Far din er sjuk. Då tok han med seg båe sønene sine, Manasse og Efra'im. 2Og det kom ein med bod um dette til Jakob og sa: Josef, son din, er komen til deg! Då gjorde Israel seg sterk og reiste seg upp i sengi. 3Og Jakob sa til Josef: Gud den allmektige synte seg for meg i Luz i Kana'ansland og velsigna meg,#1 Mos 35,6.9-13 4og sa til meg: Sjå, eg vil lata deg veksa og aukast og gjera deg til ei mengd med folkeslag; og eg vil gjeva ætti di etter deg dette landet til eiga i all æva. 5Dei tvo sønene dine som du fekk i Egyptarland, fyrr eg kom hit til deg, dei skal no vera mine; Efra'im og Manasse skal høyra meg til liksom Ruben og Simeon.#1 Mos 46,20 6Men dei borni som du sidan hev fenge, dei skal vera dine eigne; etter brørne sine skal dei heita i det landet dei kjem til å erva. 7For då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på ferdi, i Kana'anslandet, då me endå hadde att eit stykke veg til Efrat. Og eg jorda henne der, innmed vegen til Efrat, det som no heiter Betlehem.#1 Mos 35,16.19 8Då Israel fekk sjå sønene hans Josef, spurde han: Kven er det? 9Og Josef sa til far sin: Det er sønene mine, som Gud hev gjeve meg her. Då sa Jakob: Kjære vene, kom hit til meg med dei, so eg kann få velsigna dei! 10Men augo hans Israel var dimme av alder; han skilde ikkje klårt. So leidde Josef dei burt til han, og han kysste dei og tok dei i fanget. 11Og Israel sa til Josef: Eg tenkte aldri eg skulde få sjå deg meir, og no hev Gud endå til late meg få sjå borni dine! 12So tok Josef dei ned av fanget hans og bøygde seg nedåt jordi for han. 13Sidan tok Josef dei båe, Efra'im i høgre handi, midt for vinstre handi hans Israel, og Manasse i den vinstre handi, midt for høgre handi hans Israel, og leidde dei innåt han. 14Og Israel rette ut høgre handi og la henne på hovudet hans Efra'im, endå han var den yngste av dei, og vinstre handi la han på hovudet hans Manasse. Med vilje la han hendene so; for Manasse var eldst.#1 Mos 48,19 15Og han velsigna Josef og sa: Den Gud som federne mine, Abraham og Isak, hadde for augo medan dei ferdast på jordi, den Gud som var min hyrding frå di eg vart til og til den dag i dag,#Sal 23,1 16den engelen som løyste meg ut frå alt vondt, han velsigne sveinane so dei må kallast med namnet mitt og namnet åt federne mine, Abraham og Isak, og aukast til ei uhorveleg mengd i landet! 17Då Josef såg at far hans la høgre handi på hovudet hans Efra'im, mislika han det; han fata handi åt far sin og vilde flytja henne frå hovudet hans Efra'im burt på hovudet hans Manasse. 18Og Josef sa til far sin: Ikkje so, far! For denne er eldst; legg høgre handi på hans hovud! 19Men det vilde ikkje far hans, og han sa: Eg veit det, son min, eg veit det. Han og skal verta eit folk, han og skal verta stor; men bror hans som er yngre, han skal verta større; hans ætt skal verta ei mengd med folkeslag. 20So velsigna han dei same dagen og sa: Ved deg skal Israel velsigna og segja so: Gud gjere deg som Efra'im og som Manasse! - han sette Efra'im fyre Manasse. 21Sidan sa Israel til Josef: No lyt eg døy, men Gud skal vera med dykk og føra dykk attende til landet åt federne dykkar. 22Og eg gjev deg eit landstykke framum brørne dine; det tok eg frå amoritane med sverdet og bogen min.#Joh 4,5

Currently Selected:

1. Mosebok 48: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in