Galatarane 6
6
Paulus tel lesarane til å yta brørne sine all kjærleg hjelp og tenesta både i det åndelege og i det timelege, 1-10. Han vitnar um si ærlege meining og um kor svikfulle fiendane hans er; han vil berre rosa seg av Kristi kross, og ynskjer fred for alle som hev same hugen; bed um å verta spard for meir møda, av di han alt hev lote lida so mykje for Jesu skuld, og ynskjer til slutt galatarane Jesu nåde, 11-18.
1Brør, um og eit menneske vert brått gripen i nokor synd, so må de som er åndelege, hjelpa han til rettes med spaklyndes ånd; men sjå deg sjølv fyre at ikkje du og skal vert freista.#Matt 18,15; 1 Kor 3,1; 10,12 2Ber byrdene for kvarandre, og uppfyll på den måten Kristi lov!#Joh 15,12; 1 Joh 4,21 3For dersom nokon tykkjest vera noko og er då ingen ting, so dårar han seg sjølv.#1 Kor 4,7 4Men kvar skal prøva si eigi gjerning, og so skal han hava ros berre etter det han sjølv er, og ikkje etter det den andre er;#2 Kor 13,5 5for kvar skal bera si eigi byrd.#Sal 62,13; Jer 17,10; 32,19; Matt 16,27; Rom 2,6 6Den som vert upplærd i ordet, skal lata den som lærer han, få lut med seg i alt godt.#Rom 15,27; 1 Kor 9,11.14 7Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta; for det som eit menneske sår; det skal han og hausta.#1 Kor 6,9; Luk 16,25; Rom 2,6 8For den som sår i sitt kjød, skal hausta tyning av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta æveleg liv av Anden.#Ordt 22,8; 2 Tess 1,9; Sal 126,5 9Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar.#2 Tess 3,13 10Lat oss då, medan det er høve til det, gjera det gode mot alle, men mest mot dei som høyrer trui til!#Ef 2,10 11Sjå kor store bokstavar eg skriv med til dykk med mi eigi hand!#Rom 16,22 12Alle dei som vil taka seg godt ut i kjøtet, dei nøyder dykk til å lata dykk umskjera, berre for di at dei ikkje skal verta forfylgde for Kristi kross skuld.#Fil 3,18 13For ikkje ein gong dei som let seg umskjera, held lovi sjølve; men dei vil at de skal lata dykk umskjera, so dei kann rosa seg av dykkar kjøt. 14Men det vere langt i frå meg å rosa meg av anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross; for ved den er verdi krossfest for meg, og eg for verdi.#Rom 6,6 15For korkje umskjering eller fyrehud er noko, men berre ein ny skapning.#Gal 5,6; 2 Kor 5,17 16Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnori, fred og miskunn vere yver dei og yver Guds Israel!#Fil 3,16; Rom 2,29; 4,12 17Heretter må ingen gjera meg bry! for eg ber Jesu merke på min lekam.#2 Kor 11,24-25 18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.#Fil 4,23
Currently Selected:
Galatarane 6: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2