YouVersion Logo
Search Icon

Galatarane 5

5
Paulus tel galatarane til å verta verande i Kristi fridom, og åtvarar dei ålvorleg mot å gjeva seg inn under lovi og med det falla ut or nåden, 1-12. Dei er kalla til fridom, men ikkje til fridom for kjøtet; dei skal leggja vinn på seg å elska kvarandre, fly frå kjøtets gjerningar og bera Andens frukter, 13-26.
1Til fridom hev Kristus frigjort oss; statt difor støde, og lat dei ikkje få dykk inn att under trældoms åk!#Joh 8,32; Apg 15,10; 1 Pet 2,16; Jes 9,4 2Sjå, eg, Paulus, segjer dykk at um de let dykk umskjera, so vil Kristus inkje gagna dykk.#Apg 15,1 3Atter vitnar eg for kvart menneske som let seg umskjera, at han hev skyldnad på seg til å halda heile lovi. 4De som vil verta rettferdiggjorde ved lovi, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.#Gal 2,21 5For i trui ventar me i Anden på det som rettferdi gjev oss von um; 6for i Kristus Jesus gjeld korkje umskjering eller fyrehud noko, men berre tru som er verksam igjenom kjærleik.#Gal 6,15; 1 Kor 7,19 7De heldt godt fram; kven hindra dykk frå å lyda sanningi? 8Denne yverteljingi kjem ikkje frå han som kalla dykk. 9Ein liten surdeig syrer heile deigen.#1 Kor 5,6 10Eg hev den tiltrui til dykk i Herren at de inkje anna vil tenkja; men den som forviller dykk, han skal bera sin dom, kven han so er.#Gal 1,7 11Men eg, brør - um eg enno forkynner umskjering, kvi vert eg endå forfylgd? då er vel krossens støytestein burtteken.#Apg 16,3; 1 Kor 1,23 12Gjev dei jamvel måtte skjera seg sjølve sund, dei som eggjar dykk upp! 13For de vart kalla til fridom, brør; bruk berre ikkje fridomen til høve for kjøtet, men ten kvarandre i kjærleik!#1 Pet 2,16; Gal 6,2; 1 Kor 8,9 14For heile lovi er uppfyllt i eitt bod, i dette: Du skal elska næsten din som deg sjølv!#3 Mos 19,18; Matt 22,39; Rom 13,8-10 15Men dersom de bit og et kvarandre, so sjå til at de ikkje et kvarandre upp! 16Men eg segjer: Ferdast i Anden, so skal de ikkje fullføra kjøtsens lyst!#Rom 6,12; 8,1.5 17For kjøtet er huga tvert imot Anden, og Anden imot kjøtet; dei stend imot kvarandre, so de ikkje skal gjera det som de vil.#Rom 7,15.23 18Men dersom de vert drivne av Anden, då er de ikkje under lovi.#Rom 8,2.14 19Men kjøtsens gjerningar er openberre, slike som: utukt, ureinskap, lauslivnad,#1 Kor 3,3; 6,9; Ef 5,3.5 20avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, kiv, ovund, vreide, usemja, tvidrag, sundringar,#2 Kor 12,20 21misunning, mord, drykk, svir og meir slikt; um dette segjer eg dykk fyreåt, likesom eg fyrr hev sagt, at dei som fer med slikt, skal ikkje erva Guds rike.#Luk 21,34; Rom 13,13; 1 Kor 6,10; Ef 5,5 22Men Andens frukt er kjærleik, gleda, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde, fråhald;#Ef 5,9; Kol 3,12 23mot slike er ikkje lovi.#1 Tim 1,9 24Men dei som høyrer Kristus Jesus til, dei hev krossfest kjøtet med fysnone og lystene.#Rom 6,6.11 25Lever me i Anden, so lat oss og ferdast i Anden!#Rom 8,5 26Lat oss ikkje hava hug til fåfengd æra, so me eggjar kvarandre og ovundar kvarandre!#Fil 2,3

Currently Selected:

Galatarane 5: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in