YouVersion Logo
Search Icon

Galatarane 4

4
Lovi hev havt si tid då ho skulde vera herre yver mennesket; men hennar herredøme er slutt no, då Guds Son er komen til å gjera oss frie frå lovi, og Guds Ande er oss gjeven i hjarto våre, 1-7; difor vilde det vera dårskap um dei truande no vilde gjeva seg inn under lovi att, 8-11. Paulus bed galatarane vera som han, minner dei um kor dei heldt av han fyrr, og åtvarar dei mot ranglærarane, som berre søkjer sitt eige, 12-20. Dei som er under lovi, er born åt trælkvinna; men dei som held seg til nåden og lovnaden, er born åt den frie kvinna, 21-31.
1Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre yver alt saman; 2men han er under formyndarar og hushaldarar til den tidi faren fyreåt hev fastsett. 3Soleis var me og, so lenge me var born, trælbundne under barnelærdomen åt verdi.#Kol 2,20; Apg 15,10 4Men då tidi var fullkomi, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinna, fødd under lovi,#Dan 9,24; Mark 1,15; Ef 1,10; Luk 2,21 5so han skulde kjøpa dei frie som var under lovi, so me skulde få barneretten.#Gal 3,13.26; Rom 8,15 6Og av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin Sons Ande, som ropar: Abba, Fader!#Mark 14,36; Rom 8,15 7So er du då ikkje lenger træl, men son; men er du son, so er du og erving, ved Gud.#Rom 8,17 8Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar;#1 Kor 8,4; 12,2 9men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda attende til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter på nyo træla under han?#1 Kor 8,3; 13,12; Hebr 7,18; Gal 4,3; Kol 2,8.20 10De tek vare på dagar og månader og tider og år;#Kol 2,16 11eg ottast for dykk at eg kann henda hev gjort meg møda med dykk til fåfengs.#Gal 3,3-4 12Vert liksom eg! for eg er liksom de. Brør! eg bed dykk. De hev ingen urett gjort meg;#1 Kor 11,1 13men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet,#Apg 16,6; 2 Kor 12,7-10 14og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og stygdest ikkje ved meg. De fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus. 15Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk at um det hadde vore mogeleg, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg. 16So hev eg då vorte dykkar fiende ved å segja dykk sanningi!#Am 5,10 17Dei legg seg etter dykk med ein ihuge som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for dei. 18Men det er godt og vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk. 19Mine born, som eg atter føder med sår verk, til dess Kristus fær skapnad i dykk!#1 Kor 4,15; Filem 1,10; Rom 8,29 20Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde bringa mi røyst; for eg er rådvill med dykk. 21Seg meg, de som vil vera under lovi: Høyrer de ikkje lovi? 22For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna;#1 Mos 16,15; 21,2 23men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, son åt den frie kvinna derimot etter lovnaden.#1 Mos 18,10.14; Rom 9,7-8 24I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnone er tvo pakter: den eine frå Sinaifjellet, og ho føder til trældom; dette er Hagar.#Hebr 8,9-10 25For Hagar er Sinaifjellet i Arabia, og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine. 26Men det Jerusalem som er der uppe, er fritt, og det er mor vår;#Hebr 12,22; Op 3,12 27For det stend skrive: Ver glad du barnlause, du som ikkje føder! set i og ropa, du som ikkje hev rider! for den einslege kvinna hev fleire born enn ho som hev mannen.#Jes 54,1 28Men me, brør, er born etter lovnaden, liksom Isak.#Gal 4,23; Rom 9,8 29Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde han som var fødd etter Anden, soleis er det no og.#1 Mos 21,9 30Men kva segjer Skrifti? Driv ut trælkvinna og son hennar! for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.#1 Mos 21,10.12; Joh 8,35 31So er me då, brør, ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.

Currently Selected:

Galatarane 4: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in