Efesarane 1
1
Paulus ynskjer dei kristne i Efesus nåde frå Gud, 1.2. Han lovar Gud for all hans nåde og velsigning mot dei truande: frå æva av hev Gud valt dei ut til sine born, og i tidi hev han gjenomført si frelse-rådgjerd; denne si frelse hev han forkynt for dei i evangeliet og gjeve dei lut i henne, 3-14. Han bed Gud um at han endå meir vil upplysa lesarane um kor stor denne herlege frelsa er, 15-23.
1Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje - til dei heilage i Efesus, som trur på Kristus Jesus:#Apg 18,19-22; 19,1-20 2Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!#1 Kor 1,2; 2 Kor 1,2 3Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, han som hev velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus,#2 Kor 1,3; 1 Pet 1,3 4liksom han valde oss ut i han fyrr verdi vart grunnlagd, so me skulde vera heilage og ulastande for hans åsyn,#Joh 15,16; Rom 8,29-30; 2 Tess 2,13; 1 Pet 1,1-2; Luk 1,75 5med di han i kjærleik fyreåt etla oss til barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus etter sin viljes frie rådgjerd,#Rom 8,15.29; Gal 4,5 6til lov for sin herlege nåde, som han gav oss i han som han elskar.#Matt 3,17; 17,5 7I han hev me utløysingi ved hans blod, forlating for syndene, etter rikdomen av hans nåde,#Apg 20,28; Kol 1,14; 1 Pet 1,18-19 8som han gav oss rikleg i og med all visdom og alt vit,#Ef 2,7; Kol 1,9 9med di han kunngjorde oss løyndomen um sin vilje etter si frie rådgjerd, som han tok med seg sjølv#Rom 16,25; Kol 1,26 10um eit hushald han vilde skipa når tidene var fullkomne: at han atter vilde sameina alt til eitt i Kristus, både det som er i himmelen og det som er på jordi.#Gal 4,4; Kol 1,20 11I han hev me og fenge arvlut, etter at me fyreåt var etla til det etter hans forset som verkar alt etter sin viljes rådgjerd,#Kol 1,12; Rom 8,29-30 12so me skulde vera hans herlegdom til lov, me som fyreåt hadde vona på Kristus.#Rom 9,4; Gal 3,23 13Og i han hev de og, då de hadde høyrt sannings-ordet, evangeliet um dykkar frelsa - i han hev de og, då de var komne til trui, fenge til innsigle den Heilage Ande, som var oss lova,#Ef 4,30 14han som er pantet på vår arv til hans eigedomsfolks utløysing, hans herlegdom til lov.#2 Kor 1,22; 2 Mos 19,5; 5 Mos 7,6; Tit 2,14; 1 Pet 2,9; Rom 8,16-23 15Difor, sidan eg høyrde um dykkar tru på Herren Jesus og um dykkar kjærleik til alle dei heilage,#Kol 1,4; 1 Tess 1,3; 2 Tess 1,3 16so held eg ikkje upp med å takka for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine,#Rom 1,8; Fil 1,3-4 17at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Fader, må gjeva dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap um seg, 18og gjeva dykkar hug upplyste augo, so de kann skyna kva von det er han hev kalla dykk til, og kor rik på herlegdom hans arv er ibland dei heilage,#2 Kor 4,4 19og kor yvervættes stor hans makt er for oss som trur, etter verknaden av hans veldige kraft,#Ef 3,7 20som han synte på Kristus då han vekte han upp frå dei daude og sette han ved si høgre hand i himmelen,#Apg 2,24; Sal 110,1; 1 Kor 15,25 21høgt yver all makt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den komande,#Fil 2,9; Kol 2,10 22og han la alt under hans føter og gav han som hovud yver alle ting åt kyrkja,#Sal 8,7; Matt 28,18; Kol 1,18 23som er hans lekam, fyllt av han som fyller alt i alle.#Rom 12,5; 1 Kor 12,27; Ef 4,16
Currently Selected:
Efesarane 1: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2