YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 2

2
Paulus minner lesarane um elegskapen deira fyrr, medan dei var heidningar, og um sæla deira no dei hev vorte truande: fyrr var dei daude i syndi, no er dei levandegjorde av Guds nåde, 1-10; fyrr var dei langt burte, no hev dei kome nær til; som medborgarar med dei heilage og Guds husfolk hev dei vorte sameina med dei truande av Israel i Andens einskap til eit heilagt tempel for Herren, 11-22.
1Dykk og hev han gjort levande, de som var daude ved dykkar misgjerningar og synder,#Kol 2,13 2som de fordom ferdast i etter tidarfaret i denne verdi, etter hovdingen yver maktene i lufti, den åndi som no verkar i borni åt vantrui,#Joh 12,31; Ef 6,12 3og millom dei ferdast og me alle fordom i vårt kjøts lyster, med di me gjorde det som kjøtet og tankane vilde, og var av naturi vreidens born liksom dei andre.#Joh 3,6 4Men Gud, som er rik på miskunn, hev for sin store kjærleik skuld som han elska oss med,#Rom 10,12; 5,8 5gjort oss levande med Kristus, endå me var daude ved våre misgjerningar - av nåde er de frelste -#Rom 6,4-14; 8,10; Kol 2,12-13; Tit 3,5 6og vekt oss upp med han og sett oss med han i himmelen, i Kristus Jesus, 7so han i dei komande tider kunde visa den ovstore rikdomen av sin nåde ved godleik imot oss i Kristus Jesus. 8For av nåde er de frelste, ved tru, og det ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåva,#Rom 3,24.28; Gal 2,16; Rom 6,23 9ikkje av gjerningar, so ikkje nokon skal rosa seg.#Rom 3,20-27; 4,2-5; 1 Kor 1,29 10For me er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som Gud fyreåt emna til, so me skulde ferdast i dei.#Sal 100,3; 2 Kor 5,17; Tit 2,14 11Kom difor i hug at de som fordom var heidningar i kjøtet og var kalla u-umskorne av det dei kallar umskjering, den på kjøtet, som vert gjord med handi,#1 Kor 12,2; Ef 5,8 12at de på den tid var utan Kristus, utestengde frå Israels borgarrett og framande for paktene med deira lovnad, utan von og utan Gud i verdi;#Rom 9,4 13men no, i Kristus Jesus, er de som fordom var langt burte, komne nær til ved Kristi blod. 14For han er vår fred, han som gjorde dei tvo til eitt og braut ned det gjerdet som var skilveggen, fiendskapen,#Jes 9,6; Mi 5,4; Kol 1,20; Joh 10,16; Gal 3,28 15då han ved sitt kjøt avlyste den lovi som kom med bod og fyresegner, so han ved seg sjølv kunde skapa dei tvo til eitt nytt menneske, med di han gjorde fred,#Kol 2,14; 2 Kor 5,17 16og forlika dei båe tvo i ein lekam med Gud ved krossen, då han på den slo fiendskapen i hel.#Kol 1,20 17Og han kom og forkynte fred for dykk som var langt burte, og fred for dei som var nær;#Jes 57,19 18for ved han hev me båe tvo tilgjenge til Faderen i ein Ande.#Joh 14,6; Rom 5,2; Hebr 10,19 19So er de no ikkje lenger framande og utlendingar, men medborgarar med dei heilage og Guds husfolk,#Fil 3,20; Kol 1,12 20de som er uppbygde på apostel- og profet-grunnvollen, medan hyrnesteinen er Kristus Jesus sjølv,#Matt 16,18; 1 Kor 3,10; Sal 118,22; Jes 28,16; 1 Pet 2,4-10 21som kvar bygning vert samanbunden ved og veks upp til eit heilagt tempel i Herren.#Ef 4,16; 1 Kor 3,16 22I han vert de og uppbygde med dei andre til ein Guds bustad i Anden.#1 Pet 2,5

Currently Selected:

Efesarane 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in