Efesarane 3
3
Paulus er kalla til å vera apostel for heidningane og å kunngjera Kristi rike nåde for dei og, 1-13; difor bed han for lesarane sine, at deira indre menneske må styrkjast, so dei klårare og klårare etter kvart må kjenna og skyna kor endelaust stor Kristi kjærleik er, 14-21.
1For den skuld bøygjer eg mine kne, eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykkar skuld, de heidningar -#Ef 3,14; 4,1; Apg 28,16; Ef 3,13; Kol 1,24 2um de elles hev høyrt um hushaldet med den Guds nåde som er meg gjeven for dykk,#Ef 3,8; Apg 9,15; 1 Kor 4,1 3at han ved openberring kunngjorde meg løyndomen, so som eg ovanfor hev skrive med få ord.#Rom 16,25; Gal 1,11-12; Ef 1,9-14 4Når de les det, kann de av det sjå mitt skyn på Kristi løyndom, 5som i forne tidebolkar ikkje hev vorte kunngjord for manneborni soleis som han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden:#Kol 1,26 6at heidningane er medervingar og høyrer med til lekamen og hev lut med i lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet,#Gal 3,28-29; Ef 2,15-16 7det som eg vart tenar for etter den gåva av Guds nåde som eg hev fenge ved verknaden av hans makt.#Rom 1,5 8Meg, den aller ringaste av alle dei heilage, vart denne nåden gjeven å forkynna heidningane evangeliet um Kristi uransakelege rikdom,#1 Kor 15,9; Apg 9,15; Gal 1,16; 2,8; Rom 11,33 9og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting;#Kol 1,26; 1 Pet 1,20 10for Gud vilde at hans mangfaldige visdom no gjenom kyrkja skulde verta kunngjord for maktene og herredømi i himmelen,#1 Pet 1,12 11etter det forset frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre, 12han som me hev fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på han.#Hebr 4,16; 10,10; Joh 10,9; Rom 5,2 13Difor bed eg at de ikkje må tapa modet ved dei trengslone eg lid for dykk, og som er dykkar æra. -#Fil 1,14; Kol 1,24 14For den skuld bøygjer eg mine kne for Faderen,#Ef 3,1 15som er den rette far for alt som heiter barn i himmelen og på jordi, 16at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneske,#1 Pet 5,10; 2 Kor 4,16 17at Kristus må bu ved trui i dykkar hjarto,#Joh 14,23 18so de, rotfeste og grunnfeste i kjærleik, må maktast å fata med alle dei heilage kva breidd og lengd og dypt og høgd det er,#Ef 3,19 19og kjenna Kristi kjærleik, som gjeng yver all kunnskap, so de kann verta fyllte til all Guds fylla. 20Men honom som kann gjera meir enn alt, ovlangt yver det som me bed um eller skynar, etter den kraft som er verksam i oss,#Rom 16,25; Ef 1,19 21honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen.#Rom 16,27
Currently Selected:
Efesarane 3: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2