YouVersion Logo
Search Icon

Kolossarane 2

2
Paulus talar meir um aposteltenesta si; han hev stor strid for at lesarane skal ganga fram i kunnskap um Kristus, og for at dei ikkje skal lata seg dåra av falske lærarar, 1-5. So strider han mot desse falske lærarane, med di han manar dei truande i Kolossæ til å halda trutt fast ved Herren og ikkje lata deg lokka av den falske visdomen, 6-8, og syner dei kva dei hev i Kristus, og kor langt det er frå at dei kann vinna noko anten med umskjeringi eller med lovi, som hine lærarane viste dei til, 9-15. Han åtvarar mot å lata seg gjera til trælar under lovi, 16.17, mot å lata seg lokka til å dyrka englar, 18.19, og mot det fråhaldet frå ymse slag mat som dei falske lærarane meinte var naudsynt til frelsa, 20-23.
1For eg vil at de skal vita kor stor strid eg hev for dykk og dei i Laodikea og so mange som ikkje hev set mitt andlet i kjøtet,#Fil 1,30; 4,3 2for at hjarta deira må verta trøysta, so dei vert samanknytte i kjærleik og vinn fram til heile rikdomen av det fullvisse skyn, til kunnskap um Guds løyndom, det er Kristus,#1 Kor 1,5; Fil 1,9; Jes 53,11; Joh 17,3 3han som alle skattar av visdom og kunnskap finst løynde i. 4Dette segjer eg so ingen skal dåra dykk med lokkande tale.#Ef 5,6 5For um eg enn er fråverande i kjøtet, er eg like vel saman med dykk i åndi, og ser med gleda dykkar gode skipnad og den faste grunnen i dykkar tru på Kristus.#1 Kor 5,3 6Liksom de då fekk Kristus Jesus forkynt som Herre; so ferdast i han,#1 Tess 4,1; Ef 4,20-21; 1 Joh 2,6 7so at de er rotfeste og vert uppbygde i han og stadfeste i trui, so som de lærde, rike på henne med takksegjing.#Ef 2,22; Kol 3,15; 1 Tess 5,18 8Sjå til at det ikkje må vera nokon som gjer dykk til herfang med verdsleg visdom og tom dåring, etter fråsegner av menneske, etter barnelærdomen åt verdi og ikkje etter Kristus.#Matt 15,9; Gal 4,3.9 9For i han bur heile guddomsfylla lekamleg,#Kol 1,19; Joh 1,14; 14,10-11; 16,15; 1 Pet 1,4 10og de er fyllt i han, som er hovudet for all makt og yverråd;#Joh 1,16; Ef 1,21 11i han vart de og umskorne med ei umskjering som ikkje er gjord med hender, ved avkleding av kjøtslekamen, ved Kristi umskjering,#5 Mos 10,16; Jer 4,4; Rom 6,6; Ef 4,22 12då de vart gravlagde med han i dåpen; der vart de og uppreiste med han ved trui på Guds kraft, han som reiste han upp frå dei daude.#Rom 6,4; Gal 3,27 13Ogso dykk, som var daude ved dykkar misgjerningar og dykkar kjøts fyrehud, gjorde han levande med han, med di han tilgav oss alle våre misgjerningar#Ef 2,1 14og strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bodord, det som vitna mot oss, og han rudde det undan med di han nagla det til krossen.#Ef 2,15; 1 Pet 2,24 15Han avvæpna maktene og yverrådene og synte dei openberrleg fram, då han viste seg som sigerherre yver dei på krossen.#Joh 12,31 16Lat difor ingen døma dykk for mat eller drykk, eller i spursmål um høgtid eller nymåne eller sabbat!#3 Mos 11,2-47; Gal 4,10 17desse ting er berre ein skugge av det som skulde koma, men lekamen høyrer Kristus til.#Hebr 8,5; 10,1 18Lat ingen røva sigersprisen frå dykk, um nokon freistar på det med audmykt og engledyrking, med det han fer med syner, vert ovmodig utan grunn av sin kjøtlege hug#Jer 29,8; Mark 13,5; Ef 5,6 19og ikkje held fast ved hovudet, han som heile lekamen veks Guds vokster ut ifrå, tilhjelpt og samanfest ved sine ledmot og band.#Ef 4,15-16 20Hev de døytt med Kristus og soleis vorte frigjorde frå barnelærdomen åt verdi, kvi gjev dei dykk då, som um de skulde leva i verdi, slike bod:#Rom 6,3-5; 7,4; Gal 2,19; 4,3.9 21Du skal ikkje taka, ikkje smaka, ikkje røra#1 Tim 4,1-4 22- det vil segja slikt som alt saman er etla til øyding ved bruk - etter bod og lærdomar av menneske,#Tit 1,14 23som vel hev visdom ved sjølvgjord dyrking og audmykt og vyrdløysa mot lekamen, men ikkje ved noko som er æra verdt, berre til mette for kjøtet?#1 Tim 5,23

Currently Selected:

Kolossarane 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in