YouVersion Logo
Search Icon

Kolossarane 3

3
Dei truande skal ikkje hava hugen sin vend til det som er på jordi, men til det som er i himmelen, av di dei hev døytt frå verdi og hev livet sitt einast i Kristus, 1-4. Dei skal meir og meir leggja av dei udygdene og lastene som dei hadde i heidenskapen, avkleda seg det gamle mennesket og iklæda seg det nye, 5-11. Difor skal dei leggja vinn på kjærleik i all si ferd, lata Kristi ord bu rikeleg hjå seg og gjera alt i hans namn, 12-17. So syner Paulus korleis eit slikt heilagt liv skal levast av ektefolk, 18.19, born og foreldre, 20.21, tenarar og husbondsfolk, 22-4,1.
1Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!#Ef 2,6; 1,20 2Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi!#Matt 6,33 3For de er hev døytt, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud.#2 Kor 5,15; Gal 2,20 4Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med han i herlegdom.#Fil 1,21; 3,21; 1 Joh 3,2 5So døyd då dykkar jordiske lemer: utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!#Kol 2,11; Ef 5,3; 1 Tess 4,5; Ef 5,5 6for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande;#Ef 5,6; 1 Kor 6,10; Gal 5,19-21 7millom dei ferdast de og fordom, den tid de levde i desse ting;#Rom 6,19-20; 7,5; 1 Kor 6,11; Tit 3,3 8men no skal de og leggja dei alle av: vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn.#2 Kor 7,1; Jak 1,21; 1 Pet 2,1 9Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev avklædt det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer,#Sak 8,16; Ef 4,22 10og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilete;#Ef 4,23-24; 5,1 11her er ikkje grekar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri man, men Kristus er alt og i alle.#Rom 10,12; Gal 3,28 12Iklæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære, hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,#1 Tess 1,4; 1 Pet 2,9; Matt 11,29; Gal 5,22 13so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål mot noko; som Kristus tilgav dykk, soleis de og!#Ef 4,2.32; Matt 6,14 14Men attåt alt dette iklæd dykk kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!#Joh 13,34; 15,12; Ef 4,3; Kol 2,2 15Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de og vart kalla til i EIN lekam, og ver takksame!#Joh 14,27; Fil 4,7; Kol 2,7 16Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud,#1 Kor 14,26; Ef 5,19 17og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han!#1 Kor 10,31; Ef 5,20; 1 Tess 5,18 18De konor, ver mennene dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren!#1 Mos 3,16; Ef 5,22; 1 Kor 14,34 19De menn, elska konone dykkar og ver ikkje beiske imot dei!#Ef 5,25 20De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er til hugnad for Herren.#Ef 6,1 21De fedrar, arga ikkje borni dykkar, so dei ikkje skal missa modet!#Ef 6,4 22De tenarar, ver lydige i alle ting mot herrane dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, som slike som strevar etter å tekkjast menneske, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren!#Ef 6,5-6; 1 Tim 6,1; Tit 2,9 23Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneske,#Ef 6,7 24for de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus!#Ef 6,8 25For den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.#2 Kor 5,10; Apg 10,34; Rom 2,11

Currently Selected:

Kolossarane 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in