1
Kolossarane 3:13
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål mot noko; som Kristus tilgav dykk, soleis de og!
Compare
Explore Kolossarane 3:13
2
Kolossarane 3:2
Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi!
Explore Kolossarane 3:2
3
Kolossarane 3:23
Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneske
Explore Kolossarane 3:23
4
Kolossarane 3:12
Iklæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære, hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod
Explore Kolossarane 3:12
5
Kolossarane 3:16-17
Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud, og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han!
Explore Kolossarane 3:16-17
6
Kolossarane 3:14
Men attåt alt dette iklæd dykk kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen!
Explore Kolossarane 3:14
7
Kolossarane 3:1
Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!
Explore Kolossarane 3:1
8
Kolossarane 3:15
Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de og vart kalla til i EIN lekam, og ver takksame!
Explore Kolossarane 3:15
9
Kolossarane 3:5
So døyd då dykkar jordiske lemer: utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking!
Explore Kolossarane 3:5
10
Kolossarane 3:3
For de er hev døytt, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud.
Explore Kolossarane 3:3
11
Kolossarane 3:8
men no skal de og leggja dei alle av: vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn.
Explore Kolossarane 3:8
12
Kolossarane 3:9-10
Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev avklædt det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer, og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilete
Explore Kolossarane 3:9-10
13
Kolossarane 3:19
De menn, elska konone dykkar og ver ikkje beiske imot dei!
Explore Kolossarane 3:19
14
Kolossarane 3:20
De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er til hugnad for Herren.
Explore Kolossarane 3:20
15
Kolossarane 3:18
De konor, ver mennene dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren!
Explore Kolossarane 3:18
Home
Bible
Plans
Videos