YouVersion Logo
Search Icon

1. Timoteus 3

3
Paulus gjev fyresegner um dei eigenskapane som bør krevjast hjå dei som skal vera tilsynsmenn for kyrkjelydane, 1-7, og kyrkjelydtenarar, 8-13; talar um kva han vil med dette brevet, 14.15, og um kva som er hovudinnhaldet av all kristeleg læra, 16.
1Det er eit truverdig ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembete, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.#Apg 20,28 2Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, edrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg,#Tit 1,6; 1 Pet 5,3 3ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær,#3 Mos 10,9; 2 Tim 2,4 4ein som styrer sitt eige hus vel, og hev lydige born med all søma#1 Sam 2,12 5- men um ikkje nokon veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? - 6ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom. 7Men han skal og hava godt vitnemål av dei som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara.#1 Tim 5,10 8Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning,#Apg 6,1-3 9slike som eig løyndomen i trui i eit reint samvit.#1 Tim 1,19 10Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena i kyrkjelyden, um dei er ulastande. 11Like eins skal kvinnone vera vyrdelege, ikkje baktalande, edruelege, true i alle ting.#Rom 16,1 12Tenarane for kyrkjelyden skal vera mann til EI kona, og styra vel sine born og sine eigne hus.#1 Tim 3,2 13For dei som hev vore gode tenarar i kyrkjelyden, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus.#Matt 25,21; 1 Joh 3,21 14Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma snart til deg, 15men um eg drygjer, at du då kann vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, pilaren og grunnvollen åt sanningi.#2 Tim 2,20; Ef 2,22 16Og som kvar må sanna, stor er den løyndomen i gudlegdomen: Han som vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt millom folkeslag, trudd i verdi, uppteken i herlegdom.#Joh 1,14; 1 Pet 3,18; Apg 1,10

Currently Selected:

1. Timoteus 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in