YouVersion Logo
Search Icon

1. Timoteus 2

2
Paulus gjev fyresegner for gudstenestone åt kyrkjelydane. I gudstenestone skal dei truande beda for alle menneske, for Gud vil frelsa alle i Kristus ved evangeliet, 1-7; mennene skal akta seg for å lyfta syndige hender når dei bed, og kvinnone skal møta til gudstenestene i sømeleg klædnad, utan å stasa seg for mykje til, 8-10; kvinnone skal ikkje vera lærarar i desse samlingane, 11-15.
1So påminner eg då framfor alle ting um at det vert gjort bøner, påkallingar, forbøner, takksegjingar for alle menneske,#Fil 4,6 2for kongar og alle dei som er i yverrådande stand, so me kann leva eit stilt og roleg liv i gudlegdom og søma.#Jer 29,7 3For dette er godt og tekkeleg for Gud, vår frelsar,#1 Tim 5,4; 1,1 4han som vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanningi.#Esek 18,23; 2 Pet 3,9 5For det er EIN Gud og EIN millommann millom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus,#Rom 3,30; 10,12; Gal 3,19-20 6han som gav seg sjølv til løysepening for alle, eit vitnemål i si tid;#Matt 20,28; Ef 1,7; 5,2 7og for dette vart eg sett til forkynnar og apostel - eg segjer sanning, eg lyg ikkje - ein lærar for heidningane i tru og sanning.#Rom 1,1.9; 2 Tim 1,11; Rom 11,13; 15,16 8Eg vil då at mennene på kvar stad skal beda so at dei lyfter heilage hender, utan vreide og tretta;#Sal 141,2; Klag 2,19 9like eins og at kvinnone skal pryda seg med sømeleg klædnad, i blygd og æra, ikkje med flettingar og gull eller perlor eller dyr klædebunad,#1 Pet 3,3-4; Jes 3,16-26 10men som det sømer seg kvinnor som vedkjenner seg gudlegdom, med gode gjerningar.#1 Tim 5,10 11Ei kvinna skal lata seg læra i stilla, med all lydnad;#Ef 5,22 12men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å vera lærar eller å bjoda yver mannen, ho skal vera i stilla.#1 Kor 14,34; Tit 2,5 13For Adam vart skapt fyrst, og so Eva;#1 Mos 1,27; 2,18.22 14og Adam vart ikkje dåra, men kvinna vart dåra og fall i misgjerning.#1 Mos 3,6; 2 Kor 11,3 15Men ho skal verta frelst gjenom si barneign, um dei vert standande i tru og kjærleik og helging med søma.#1 Tim 5,14; 1,5

Currently Selected:

1. Timoteus 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in