1. Timoteus 1
1
Paulus helsar Timoteus og ynskjer han nåde og fred, 1.2. Han minner han um den uppgåva han hev gjeve han: at han i Efesus skulde strida mot den falske læra som hadde trengt seg inn der, 3-11, prisar Guds nåde, som hev kalla han, endå so uverdig han var til å forkynna det sæle evangeliet, 12-17, og manar Timoteus til å strida den gode striden i trui for sanningi i evangeliet, med di han minner han um sume som hev mist trui, 18-20.
1Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von#Apg 9,15; 1 Tim 2,3; Kol 1,27 2- til Timoteus, min ektefødde son i trui: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!#Fil 2,20.22; Tit 1,4; 2 Tim 1,2 3Som eg bad deg vera att i Efesus då eg for til Makedonia, so du skulde bjoda sume folk at dei ikkje skulde fara med framand læra#Gal 1,6-7 4og ikkje ansa eventyr og endelause ættetavlor, som heller fører til strid enn til å vera Guds hushaldarar i trui - so bed eg deg no og.#1 Tim 4,7; 2 Tim 2,16; Tit 1,14; 3,9; 1 Tim 6,4; 2 Tim 2,23 5Men endemålet med dette bodet er kjærleik av eit reint hjarta og eit godt samvit og ei uskrymta tru.#1 Tim 6,14; Matt 22,40; Rom 13,8-10 6Frå dette hev sume fare vilt og vendt seg burt til tomt svall,#1 Tim 6,4.20 7med di dei vil vera lovlærarar, endå dei korkje skynar det dei sjølve segjer eller dei ting dei talar so fullvist um.#Joh 3,10 8Men me veit at lovi er god dersom nokon brukar henne på lovleg vis,#Rom 7,12 9so han veit dette at lovi ikkje er sett for ein rettferdig, men for lovlause og agelause, ugudlege og syndarar, vanheilage og ureine, fadermordarar og modermordarar, dråpsmenn,#Gal 5,23; Rom 1,26-27; Gal 5,19 10horkarar, syndarar mot naturi, menneskerøvarar, ljugarar, meineidarar, og alt anna som er imot den heilsame læra,#2 Mos 21,16 11etter evangeliet um den sæle Guds herlegdom, det som er meg yverlate.#1 Tim 6,15; 1 Tess 2,4 12Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, at han heldt meg får tru, med di han sette meg til tenesta,#Apg 9,15 13meg som fyrr var ein spottar og forfylgjar og valdsmann; men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande i vantru,#Apg 8,3; 9,1; Fil 3,6; Apg 3,17 14og vår Herres nåde vart ovleg stor med tru og kjærleik i Kristus Jesus.#Rom 5,20 15Truverdigt er det ordet og vel verdt å taka imot, at Kristus Jesus kom til verdi for å frelsa syndarar, og millom dei er eg den største;#1 Tim 4,9; Matt 9,13; 18,11; 1,21 16men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for dei som skulde tru på han til æveleg liv.#1 Tim 1,13 17Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, vere æra og pris i all æva! Amen.#Op 7,12; 15,3 18Dette bodet yvergjev eg deg, min son Timoteus, etter dei profetord som fyrr er sagde um deg, so du ved dei skal du strida den gode striden,#1 Tim 6,12 19med di du hev tru og eit godt samvit; det hev sume støytt ifrå seg og lide skipbrot på trui;#1 Tim 3,9; 6,10 20imillom dei er Hymeneus og Aleksander, som eg hev gjeve yver til Satan, so dei skal verta tukta til å lata vera å spotta.#2 Tim 2,17; 1 Kor 5,5
Currently Selected:
1. Timoteus 1: NO1938N
Highlight
Share
Copy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapi.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fen.png&w=128&q=75)
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2