2. Tessalonikar 3
3
Paulus manar lesarane til å beda um at evangeliet må hava framgang; set sin lit til Herrens nåde mot dei og til deira lydnad, 1-5. Han segjer fyre korleis dei skal påminna og tukta dei brørne som vanskøter si jordiske gjerning og fer med slikt som dei ikkje hev noko kall til, 6-16. Han bed farvel med dei og ynskjer dei Guds nåde, 17-18.
1Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må hava framgang og koma til æra liksom hjå dykk,#Rom 15,30; Matt 9,38 2og at me må verta utfria frå dei ulikelege og vonde menneske; for trui er ikkje kvar manns sak.#Apg 2,40; Rom 15,31; 10,16 3Men Herren er trufast; han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.#1 Kor 1,9; 10,13; Joh 17,15; 1 Pet 5,10 4Me hev den tiltru til dykk i Herren at de både gjer og kjem til å gjera det som me byd dykk. 5Og Herren styre dykkar hjarto til å elska Gud og til å venta på Kristus med tolmod! 6Men me byd dykk, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn at de held dykk burte frå kvar ein bror som ferdast uskipeleg og ikkje etter den lærdomen som dei fekk av oss.#2 Tess 3,11; 1 Tess 4,11-12; Rom 16,17; 1 Kor 5,11; Tit 3,10; 2 Joh 1,10 7For de veit sjølve korleis de skal etterfylgja oss; for me levde ikkje uskipeleg millom dykk;#1 Kor 4,16; Fil 3,17; 1 Tess 2,10 8me åt ikkje heller brød hjå nokon for inkje, men i strev og møda arbeidde me natt og dag; so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla;#Apg 20,34; 1 Kor 4,12; 1 Tess 2,9; 2 Kor 11,9 9ikkje for at me ikkje hev rett til det, men at me kunde gjeva dykk eit fyredøme i oss sjølve, so de skulde etterfylgja oss;#Matt 10,10; 1 Kor 9,4.6-7; 4,16; 1 Tess 1,6 10for då me var hjå dykk, baud me dykk og det at um nokon ikkje vil arbeida, skal han heller ikkje eta.#1 Mos 3,19; Ef 4,28 11For me høyrer at sume millom dykk ferdast uskipeleg og ikkje arbeider, men fer med slikt som ikkje kjem dei ved. 12Men slike byd og påminner me i Herren Jesus Kristus at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød.#1 Tess 4,11 13Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som rett er!#Gal 6,9 14Men um nokon ikkje lyder vårt ord her i brevet, so merk dykk han, so han må blygjast,#Matt 18,17; 1 Kor 5,11 15og haldt han ikkje for ein fiende, men påminn han som ein bror.#Gal 6,1-2 16Men han, fredens Herre, gjeve dykk fred alltid, i alle måtar. Herren vere med dykk alle!#Rom 15,33; 16,20; Fil 4,9; Matt 28,20 17Helsing med mi, Paulus' hand; dette er eit merke i kvart brev; soleis skriv eg:#Kol 4,18 18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!#Rom 16,24
Currently Selected:
2. Tessalonikar 3: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2