1. Timoteus 4
4
I tidene som kjem skal det verta eit stort fråfall frå den kristelege sanningi; Paulus lærer Timoteus korleis han alt no skal strida mot dei falske lærarane, som er fyrebod um dette fråfallet, 1-11, - Han manar Timoteus til å vera eit fyredøme for andre og til å vera tru i tenesta si, 12-16.
1Men Anden segjer klårleg at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar#2 Tess 2,3; 2 Tim 3,1-2; 1 Joh 4,1 2ved hykling av falske lærarar, som er brennemerkte i sitt eige samvit, 3som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, den som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og hev lært sanningi å kjenna.#Kol 2,20-23; 1 Mos 9,3 4For all Guds skapning er god, og inkje er til å vada når det vert motteke med takk;#1 Mos 1,31; Apg 10,15; Kol 2,16 5for det vert helga med Guds ord og bøn.#1 Kor 10,30 6Når du lærer brørne dette, so er du ein god Kristi Jesu tenar, med di du vert uppfødd med ordi av trui og den gode lærdomen som du hev fylgt.#1 Tess 3,2; 2 Tim 3,15 7Men vis frå deg dei vanheilage kjerringslege eventyr, men tèm deg derimot upp i gudlegdom!#2 Tim 2,16.23; 1 Tim 1,18-19 8For den lekamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; han hev lovnad for det livet som no er, og for det som kjem.#1 Tim 6,6; Ordt 10,27-29; Luk 18,29-30 9Det ordet er truverdig og all fagning verdt.#1 Tim 1,15 10For difor arbeider me og lid hæding, for di me hev sett vår von til den levande Gud, som er frelsar for alle menneske, mest for dei som trur.#1 Tess 2,2; 1,9; 1 Tim 6,17; Sal 36,7; Tit 2,10-11 11Dette skal du bjoda og læra.#1 Tim 5,7 12Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom, men ver eit fyredøme for dei truande i tale, i ferd, i kjærleik, i tru, i reinleik!#1 Kor 16,11; Tit 2,7.15; 1 Pet 5,3 13Legg vinn på fyrelesnaden, på påminningi, på læra, til dess eg kjem! 14Vanskøyt ikkje den nådegåva som er i deg, som vart deg gjevi ved profetord med handpåleggjing av dei eldste!#1 Tim 1,18; Apg 6,6; 8,17; 13,3 15Tenk på dette, lev i dette, so din framgang kann vera kunnig for alle!#Ef 4,15 16Gjev akt på deg sjølv og på læra, haldt ved med det! for når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.#Apg 20,28
Currently Selected:
1. Timoteus 4: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2