YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 4

4
Paulus manar lesarane til å veksa i helging, og særleg til å halda seg frå hor og havesykja, 1-8. Han rosar dei for deira kjærleik til brørne, manar dei til å veksa i denne kjærleiken og leggja vinn på eit stillfarande og arbeidsamt liv, 9-12, og lærer dei at dei avlidne kristne skal møta Herren på den siste dag saman med dei som lever då, 13-18.
1Elles, brør, bed me no og påminner dykk i Herren Jesus at liksom de hev lært av oss korleis de skal ferdast og tekkjast Gud, som de alt gjer, so må de alt meir gjera framgang i det. 2De veit då kva bod me gav dykk ved Herren Jesus. 3For dette er Guds vilje, dykkar helging: at de skal halda dykk frå utukt;#Rom 12,2; Ef 5,17; 1 Kor 6,15.18 4at kvar og ein av dykk veit å vinna seg sin eigen make i helging og æra,#1 Kor 7,2 5ikkje med ovhug i lyst so som heidningane, som ikkje kjenner Gud;#Ef 4,17-18 6at ingen skal gjera bror sin urett eller uskil i det som han hev å gjera med han; for Herren er hemnar for alt slikt, som me og fyrr hev sagt og vitna for dykk.#1 Kor 6,8 7For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til helging.#3 Mos 19,2; Joh 17,19 8Den som då mismæter dette, han mismæter ikkje eit menneske, men Gud, som og gjev sin Heilage Ande i dykk.#Luk 10,16 9Men um broderkjærleiken treng de ikkje til at nokon skriv til dykk; for de er sjølve lærde av Gud til å elska kvarandre;#1 Tess 3,12; 2 Pet 1,7; Jes 54,13; Joh 13,34; 15,12; 1 Joh 3,11 10for de gjer det og mot alle brørne i heile Makedonia. Men me legg dykk på hjarta, brør, at de alt meir må gjera framgang i det 11og setja dykkar æra i å leva stilt og taka vare på dykkar eigne saker og arbeida med hendene, som me hev bode dykk,#2 Tess 3,8.12 12so de må ferdast sømeleg med dei som er utanfor, og ikkje trenga til nokon.#Rom 13,13; Kol 4,5 13Men me vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um dei som er avsovna, so de ikkje skal syrgja liksom dei andre, som ikkje hev nokor von. 14For so sant me trur at Jesus døydde og stod upp att, so skal og Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. 15For dette segjer me dykk med eit ord av Herren at me som lever, som vert att til dess Herren kjem, ikkje skal koma i fyrevegen for dei som er avsovna;#1 Kor 7,10; 15,23 16for Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med bjodande rop, med yverengels røyst og med Guds basun, for dei som er avlidne i Kristus, skal fyrst standa upp;#Matt 24,30-31; 2 Tess 1,7.10; 1 Kor 15,52 17so skal me som lever, som vert att, saman med dei verta rykte i skyer upp i lufti til å møta Herren, og so skal me alltid vera med Herren.#Apg 1,9-11; Op 11,12; Joh 14,3; 17,24 18So trøysta då kvarandre med desse ordi!

Currently Selected:

1. Tessalonikar 4: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in