1. Tessalonikar 3
3
Paulus talar framleides um sin store kjærleik til tessalonikarane. Då lengten etter dei vart han for sterk, hadde han sendt Timoteus til dei, 1-5; no er Timoteus komen attende til han med godt bod frå dei, og han gled seg hjarteleg, og bed uavlatande til Gud at han må få sjå dei att, 6-11, Han ynskjer dei må veksa i kjærleik og heilagdom, 12.13.
1Difor, då me ikkje lenger kunde halda det ut, rådde me oss til å verta åleine att i Aten,#Apg 17,15-34 2og me sende Timoteus, vår bror og Guds tenar i Kristi evangelium, for å styrkja dykk og påminna dykk um trui dykkar,#Apg 17,15; 18,5 3at ikkje nokon måtte verta ustød i desse trengslone. De veit sjølve at me er sette til det;#2 Tim 3,12 4for då me var hjå dykk, sa me dykk fyreåt at me skulde koma til å lida trengslor, so som det og gjekk, og som de veit.#Apg 14,22; Matt 16,24 5Difor sende eg og bod, då eg ikkje lenger kunde halda det ut, so eg kunde få vita um dykkar tru, um freistaren skulde ha freista dykk og vårt arbeid skulde verta til unyttes.#Matt 4,3 6Men no då Timoteus er komen til oss frå dykk og hev bore oss godt bod um dykkar tru og kjærleik, og at de alltid hev oss i venleg minne og lengtar etter å sjå oss, liksom me lengtar etter dykk,#Apg 18,5; 1 Tess 2,17 7so vart me då trøysta yver dykk, brør, i all vår naud og trengsla, ved dykkar tru. 8For no lever me, so framt de stend støde i Herren.#1 Mos 45,27 9For kva takk kann me gjeva Gud att for dykk, for all den gleda som me kjenner yver dykk for vår Guds åsyn, 10medan me natt og dag naudbed um å få sjå dykkar åsyn og bøta på det som endå vantar i dykkar tru?#Rom 1,10; 1 Tess 2,17 11Men han, vår Gud og vår Fader, og vår Herre Jesus styre vår veg til dykk! 12Og dykk gjere Herren fullrådde og ovrike på kjærleik til kvarandre og til alle, liksom me er det mot dykk,#1 Tess 4,9; 1 Pet 1,22; 4,8 13for at han kann styrkja hjarto dykkar, og de vert ulastelege i heilagdom for vår Gud og Faders åsyn når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage!#2 Tess 2,17; Ef 1,4; Kol 1,22; Op 14,5; 1 Kor 1,8; Fil 1,10
Currently Selected:
1. Tessalonikar 3: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2