YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 2

2
Paulus minner dei kristne i Tessalonika um kor ærleg, trufast og kjærleg han hadde ferdast millom dei då han forkynte evangeliet, 1-12. Han talar um dei trengslone som hev råma dei for skuld trui deira; dei er til æra for dei, med di dei hev lide det same som morkyrkjelydane i Judea, som og hev vorte forfylgde av sine vantruande landsmenn, 13-16. Han vitnar um sin kjærleik til dei, som endå er like stor, 17-20.
1For de veit sjølve, brør, um vår inngang hjå dykk, at han ikkje hev vore til fåfengs;#1 Tess 1,5.9 2men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid.#Apg 16,22-40 3For vår forkynning kjem ikkje av villfaring eller av urein hug, eller med svik;#2 Kor 7,2 4men liksom me er haldne verdige av Gud til å få evangeliet yverlate, soleis talar me, ikkje som dei som vil tekkjast menneske, men Gud, han som prøver hjarto våre.#Gal 2,7; 1 Tim 1,11; Gal 1,10; 1 Krøn 28,9; 29,17 5For korkje kom me med smeikjande ord, som de veit, eller med skalkeskjol for havesykja, Gud er vårt vitne,#Apg 20,33 6ikkje heller søkte me æra av menneske, korkje av dykk eller av andre, endå me kunde ha kravt vyrdnad som Kristi apostlar;#Joh 5,41.44 7men me var milde millom dykk: som ei mor vermer borni ved barmen, 8soleis var me i inderleg kjærleik til dykk viljuge til å gjeva dykk ikkje berre Guds evangelium, men og vårt eige liv, av di de vart oss kjære.#2 Kor 12,15 9For de minnest då, brør, vårt strev og vår møda: medan me arbeidde natt og dag, so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, forkynte me Guds evangelium for dykk.#Apg 20,34; 1 Kor 4,12; 2 Tess 3,8 10De er vitne, og Gud med, kor heilagt og rettferdigt og ulastande me ferdast hjå dykk, de truande, 11liksom de veit kor me påminte kvar og ein av dykk, som ein far borni sine, og la dykk på hjarta#Apg 20,20.31 12og bad dykk inderleg at de skulde ferdast so som verdig er for Gud, som hev kalla dykk til sitt rike og sin herlegdom.#1 Mos 17,1; Ef 4,1; 2 Tess 1,11; 1 Pet 5,10 13Og difor takkar me og uavlatande Gud for at då de fekk det Guds ord me forkynte, so tok de imot det, ikkje som eit menneskeord, men - som det i sanning er - eit Guds ord, som og tér seg verksamt i dykk som trur.#Matt 10,40; 1 Tess 1,5 14For de, brør, hev vorte etterfylgjarar til dei Guds kyrkjelydar som er i Kristus Jesus i Judea; for de hev og lide det same av dykkar eigne landsmenn som dei hev lide av jødane,#Apg 17,5.13; Hebr 10,34 15som og slo Herren Jesus og profetane i hel og forfylgde oss og ikkje er Gud til hugnad og stend alle menneske imot,#Apg 2,23; Matt 23,34.37 16med di dei meinkar oss i å tala til heidningane, so dei kann verta frelste - so dei alltid må fylla sitt syndemål. Men vreiden hev endeleg nått dei!#Apg 13,50; 14,2.19; 17,5.13; Matt 23,32 17Men då me, brør, ei liti stund hadde våre skilde frå dykk, med åsyn, ikkje med hjarta, so gjorde me oss i vår store lengting so mykje større umak for å få sjå dykkar åsyn,#Rom 1,11; 1 Tess 3,6 18for di me gjerne vilde koma til dykk - eg, Paulus, både ein gong og tvo gonger - men Satan hindra oss.#Rom 15,22 19For kven er vel vår von eller vår gleda eller vår heiderskrans? Er ikkje de det og for vår Herre Jesu åsyn når han kjem att?#Fil 4,1; 2 Tess 1,4 20For de er vår æra og gleda.

Currently Selected:

1. Tessalonikar 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in