YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 1

1
Paulus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, 1, takkar Gud for at dei hev teke so godt til i sin kristendom, og segjer seg viss på at dei er utvalde; for han hev forkynt dei det reine evangeliet, og dei hev teke i mot det med gleda i trui, so det hev gjenge gjetord um dei vidt ikring i landi, 2-10.
1Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!#Apg 17,1-9; 2 Tess 1,1 2Me takkar alltid Gud for dykk alle når me kjem dykk i hug i bønene våre,#Fil 1,3-8 3med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn;#Hebr 6,10; 1 Tess 1,10 4for me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.#2 Tess 2,13 5For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;#1 Kor 2,5; 4,20 6og de vart våre etterfylgjarar, ja Herrens, med di de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,#1 Tess 2,2; 1 Pet 2,21-25 7so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.#1 Tess 4,10 8For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut; ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng tala noko um det; 9for dei fortel sjølve um oss kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudane, til å tena den levande og sanne Gud#1 Tess 2,1; Apg 26,18; 1 Kor 12,2; Hebr 9,14 10og venta på Son hans frå himmelen, han som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden#Apg 1,11; Fil 3,20; Op 1,7; Apg 2,24; Matt 3,7; Rom 2,5

Currently Selected:

1. Tessalonikar 1: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in