YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 5

5
Ingen veit når Herrens dag kjem; difor må dei truande vaka og halda seg budde til å møta han og til å taka imot den frelsa som denne dagen skal føra med seg, 1-11. Dei skal skyna på forstandarane sine og taka seg av kvarandre med påminning og trøyst, 12-14. Paulus påminner dei um andre dygder, og ynskjer at Gud vil helga dei heilt ut, 15-24. Dei skal beda for han, helsa brørne og lata dette brevet verta lese for alle, 25-27. Han ynskjer dei alle nåde, 28.
1Men um tidene og stundene, brør, treng de ikkje til at ein skriv til dykk;#Matt 24,36 2for de veit sjølve grant at Herrens dag kjem som ein tjuv um natti.#Luk 12,39-40; 2 Pet 3,10 3Når dei segjer: Fred og ingen fare! då kjem ein brå undergang yver dei, liksom føderidene yver den som er med barn, og dei skal slett ikkje sleppa undan.#Jer 6,14; Luk 21,34 4Men de, brør, er ikkje i myrkret, so dagen skulde koma på dykk som ein tjuv;#Ef 5,8; Op 16,15 5for de er alle born av ljoset og born av dagen; me høyrer ikkje natti eller myrkret til.#Luk 16,8; Rom 13,12-13 6Lat oss difor ikkje sova som dei andre, men lat oss vaka og vera edrue!#Ef 5,14; Luk 21,36; 1 Kor 15,34 7For dei som søv, dei søv um natti, og dei som drikk seg drukne, dei er drukne um natti; 8men me som høyrer dagen til, lat oss vera edrue, klædde med den brynja som er tru og kjærleik, og med voni um frelsa som ein hjelm!#Jes 59,17; Rom 13,12; Ef 6,13-17 9For Gud etla oss ikkje til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus,#Rom 6,23 10han som døydde for oss, so me, anten me vaker eller søv, skal leva saman med han.#Rom 14,8-9; 2 Kor 5,15 11Påminn difor kvarandre, og uppbygg einannan innbyrdes, so som de og gjer!#Hebr 10,24-25 12Men me bed dykk, brør, at de skynar på dei som arbeider ibland dykk og er dykkar forstandarar i Herren og påminner dykk,#1 Kor 16,16.18; Gal 6,6; Fil 2,29; 1 Tim 5,17 13og at de vyrder dei storleg høgt i kjærleik for deira gjerning skuld! Haldt fred med kvarandre! 14Og me legg dykk på hjarta, brør: Påminn dei uskipelege, trøysta dei vanmodige, hjelp dei veike, ver langmodige mot alle!#Matt 18,15; 2 Tess 3,6.15; Rom 14,1; 15,1 15Sjå til at ingen gjev noko vondt att for vondt, men streva alltid etter det som godt er, både mot kvarandre og mot alle!#Ordt 17,13; 20,22; Matt 5,39; Hebr 12,14 16Ver alltid glade,#Fil 3,1; 4,4 17bed uavlatande,#Luk 18,1; Kol 4,2 18takka for alle ting! for det er Guds vilje i Kristus Jesus til dykk.#Ef 5,20; Kol 2,7 19Sløkk ikkje ut Anden,#1 Kor 14,29-33 20mismæt ikkje profetord;#1 Kor 14,3.5 21men prøv alt, hald fast på det gode,#1 Kor 12,10; 14,29 22haldt dykk frå vondt av alle slag!#1 Pet 2,1 23Men han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt ut, og gjev at dykkar ånd og sjel og lekam må verta haldne fullkomne, ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem!#Rom 15,33; 1 Kor 1,8; Kol 1,22 24Han som hev kalla dykk, er trufast; han skal og gjera det.#1 Kor 1,9; 10,13; 2 Tess 3,3 25Brør, bed for oss!#Kol 4,3 26Helsa alle brørne med ein heilag kyss!#Rom 16,16; 1 Kor 16,20 27Eg manar dykk ved Herren at de let brevet verta lese for alle brørne.#Kol 4,16 28Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!#Fil 4,23

Currently Selected:

1. Tessalonikar 5: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in