YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 15

15
Paulus vitnar um at dei daude skal standa upp att, mot dei i Korint som neitta det. Dersom daude i det heile ikkje stend upp att, då kann heller ikkje Kristus vera uppstaden; men er ikkje Kristus uppstaden, då er evangeliet lygn og trui og voni ei tom innbilling, 1-19. Men er det sanning at Kristus er uppstaden, då skal og dei standa upp att som høyrer han til; ved dette skal dauden gjerast til inkjes og Kristi rike fullendast, 20-28. Paulus åtvarar dei truande mot å lata seg forføra av ranglæra, 29-34, driv attende motlegg mot uppstoda, 35-49, lærer at dei som lever når Kristus kjem att, ikkje skal døy, men verta iklædde uforgjengelege lekamar, og uppmodar lesarane til hugheil von og trufast arbeid i Herrens gjerning, 50-58.
1Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de og tok imot, som de og stend støde i,#Gal 1,11-12; Joh 17,8 2som de og vert frelste ved dersom de held fast ved det ordet som eg forkynte dykk det med, so framt de ikkje til unyttes hev kome til trui.#Rom 1,16; 1 Kor 1,21; Gal 3,4 3For eg yvergav dykk millom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot, at Kristus døydde for syndene våre etter skriftene,#1 Kor 11,23; 2 Kor 5,15; Sal 22,16-17; Jes 53,5.8-9; Dan 9,24.26; Sak 13,7 4og at han vart gravlagd,#Jes 53,9 5og at han stod upp att tridje dagen etter skriftene,#Jona 2,1.11; Joh 2,22; Matt 12,40 6og at han synte seg for Kefas, og so for dei tolv.#Luk 24,34; Mark 16,14; Luk 24,36; Joh 20,19.26 7So synte han seg for meir enn fem hundrad brør på ein gong - av dei er dei fleste endå i live, men nokre er avsovna. 8Sidan synte han seg for Jakob, so for alle apostlane.#Luk 24,50 9Men aller sist synte han seg og for meg, som kann liknast med eit ufullbore foster; for eg er den ringaste av apostlane og er ikkje verdig til å heita apostel, av di eg forfylgde Guds kyrkja;#1 Kor 9,1; Apg 9,3-4; Ef 3,8; Apg 9,1; Gal 1,13; 1 Tim 1,13 10men av Guds nåde er eg det som eg er, og hans nåde mot meg hev ikkje vore til fåfengs; men meir enn dei alle hev eg verka, då ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.#1 Kor 3,10; Ef 3,7-8; Rom 15,18-19; 2 Kor 11,23; 12,11-12 11Anten det då er eg eller dei andre, soleis forkynner me, og soleis kom de til trui. 12Men når det vert forkynt um Kristus at han er uppstaden frå dei daude, kor kann då sume millom dykk segja at dei daude ikkje kann standa upp att?#Matt 22,23; Apg 17,32 13Men kann ikkje dei daude standa upp att, so er ikkje Kristus heller uppstaden. 14Men er ikkje Kristus uppstaden, so er vår forkynning fåfengd, so er og trui dykkar fåfengd; 15då stend me og som falske vitne um Gud, for di me hev vitna imot Gud at han hev vekt upp Kristus, som han då ikkje hev vekt upp, det vil segja so framt dei daude ikkje stend upp.#Apg 2,24.32 16For stend ikkje dei daude upp, so er ikkje Kristus heller uppstaden. 17Men er ikkje Kristus uppstaden, so er trui dykkar gagnlaus, so er de endå i syndene dykkar;#1 Kor 15,14 18so er og dei fortapte som er avsovna i Kristus. 19Hev me berre i dette liv sett von til Kristus, so er me ynkelegare enn alle menneske. 20Men no er Kristus uppstaden frå dei daude og hev vorte fyrstegrøda av dei som er avsovna.#Apg 26,23; Kol 1,18; Op 1,5 21For etter di dauden kom ved eit menneske, so er og uppstoda av daude komi ved eit menneske;#1 Mos 3,19; Rom 5,12.18 22for liksom alle døyr i Adam, so skal og alle verta levandegjorde i Kristus.#Rom 5,21 23Men kvar i sin stad: Kristus er fyrstegrøda; so skal dei som høyrer Kristus til, verta levandegjorde når han kjem att;#Apg 26,23; 1 Tess 4,14-15; Matt 26,64 24so kjem enden, når han yvergjev riket til Gud og Faderen, etter han hev gjort all makt og all yverråd og alt velde til inkjes. 25For han skal vera konge til dess han fær lagt alle sine fiendar under sine føter.#Sal 110,1 26Den siste fienden som vert tynt, er dauden; 27for han hev lagt alle ting under hans føter. Men når han segjer at alt er han underlagt, so er det klårt at han som hev lagt alt under han, er undanteken;#Sal 8,7; Matt 28,18; Hebr 2,8 28men når alt er han underlagt, so skal og Sonen sjølv gjeva seg under han som hev lagt alt under han, so Gud skal vera alt i alle. 29Kva gjer då dei som let seg døypa for dei daude? Dersom dei daude i det heile ikkje stend upp att, kvi let dei seg då døypa for dei? 30Kvi set og me oss i fåre kvar time?#1 Kor 4,9; Rom 8,36 31Eg døyr kvar dag, so visst som eg kann rosa meg av dykk, brør, i Kristus Jesus, vår Herre.#2 Kor 4,10; 1 Tess 2,19 32Var det på menneskjeleg vis eg stridde med villdyr i Efesus, kva gagna det meg då? Dersom dei daude ikkje stend upp att, so lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!#Apg 20,19; Jes 22,13 33Far ikkje vilt! Låkt lag spiller gode seder.#Ef 5,6 34Vakna retteleg upp og synda ikkje! for sume kjenner ikkje Gud; til dykkar skam segjer eg det.#Rom 13,11; Ef 5,14; 1 Tess 4,5; 1 Kor 6,5 35Men ein kunde segja: Korleis stend dei daude upp? og kva slag lekam kjem dei fram med? 36Du uvituge! det som du sår, vert ikkje levandegjort utan det døyr.#Joh 12,24 37Og når du sår, sår du ikkje den lekamen som skal koma, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn; 38men Gud gjev det ein lekam so som han hev vilja, og kvart slag sæde sin eigen lekam.#1 Mos 1,11 39Ikkje alt kjøt er det same kjøt, men eitt er kjøt i menneske, eit anna kjøt i fe, eit anna i fugl, eit anna i fisk. 40Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; men EIN herlegdom hev dei himmelske, ein annan dei jordiske. 41Ein glans hev soli, og ein annan månen, og ein annan stjernone; for den eine stjerna skil seg frå den andre i glans. 42Soleis er det og med uppstoda av dei daude. Det vert sått i forgjengelegdom, det stend upp i uforgjengelegdom; 43det vert sått i vanæra, det stend upp i herlegdom; det vert sått i vanmakt, det stend upp i kraft;#Matt 13,43; Fil 3,21 44det vert sått ein naturleg lekam, det stend upp ein åndeleg lekam. So visst som det finst ein naturleg lekam, so finst det og ein åndeleg lekam. 45Soleis stend det og skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel; den siste Adam hev vorte til ei livgjevande ånd.#1 Mos 2,7 46Men det åndelege er ikkje det fyrste, men det naturlege, so det åndelege. 47Det fyrste mennesket var frå jordi, jordisk; det andre mennesket er frå himmelen.#Joh 3,13.31 48Slik som den jordiske var, so er og dei jordiske, og slik som den himmelske er, so skal og dei himmelske vera, 49og liksom me hev bore biletet av den jordiske, so skal me og bera biletet av den himmelske.#1 Mos 5,3; Rom 8,29 50Men det segjer eg, brør, at kjøt og blod kann ikkje erva Guds rike, ikkje heller erver forgjengelegdom uforgjengelegdom.#Joh 3,5-6; 1 Kor 6,13 51Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapte, 52i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapte.#Matt 24,31; 1 Tess 4,16 53For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom.#2 Kor 5,4 54Men når dette forgjengelege er iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege er iklædt udøyelegdom, då vert det ordet uppfyllt som stend skrive: Dauden er gløypt til siger.#Jes 25,8; Hos 13,14 55Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?#Hebr 2,14 56Men brodden i dauden er syndi, og krafti i syndi er lovi;#Rom 5,12-21; 7,7-13 57men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!#2 Kor 2,14; 1 Joh 5,5 58Difor, mine kjære brør, ver støde og urikkelege, alltid rike i Herrens gjerning, etter di de veit at arbeidet dykkar ikkje er fåfengt i Herren!#2 Krøn 15,7; Hebr 6,10

Currently Selected:

1. Korintar 15: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in