YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 14

14
Korintarane sette profetien lægre enn tungetalen; Paulus syner dei no kor stor urett dei hadde i det. Profetien er ei større nådegåva enn tungetalen og gjer større gagn, for di han vert skyna av dei som høyrer han, medan ingen skynar tungetalaren, um ikkje talen hans vert uttydd av ein som hev fenge serskild gåva til det, 1-19. Tungetale utan uttyding i kyrkjelydsamlingane vil ingen verknad hava, men jamvel gjera samlingane deira til spott for andre, medan profetien derimot vil bera rik frukt til uppvekkjing og uppbyggjing, 20-25. Difor skal dei aldri hava tungetale i samlingane sine utan det er ein til stades som hev gåva til å tyda han; men det kann gjerne tala fleire profetar, når det berre gjeng sømeleg og skipeleg til, 26-33. Kvinnor skal ikkje tala i kyrkjelydsamlingane, 34-36. Han manar til å fylgja dei fyresegnene han her hev gjeve, 37-40.
1Trå etter kjærleiken! Streva etter dei åndelege gåvone, men mest etter å tala profetisk!#1 Kor 12,31 2For den som talar med tunga, talar ikkje for menneske, men for Gud; for ingen skynar det, men han talar løyndomar i Anden; 3men den som talar profetisk, han talar for menneske til uppbyggjing og påminning og trøyst.#1 Kor 14,5.24 4Den som talar med tunga, uppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, uppbyggjer kyrkjelyden. 5Endå vilde eg at de alle kunde tala med tungor, men heller at de kunde tala profetisk; den som talar profetisk, er større enn den som talar med tungor, utan so er at han tyder det, so kyrkjelyden kann få uppbyggjing av det. 6Og no, brør, um eg kjem til dykk og talar med tungor, kva kann det då gagna dykk, um eg ikkje talar til dykk anten med openberring eller med kunnskap, anten med profetord eller med læra?#1 Kor 12,8 7Dersom dei livlause ting som gjev ljod, anten det er ei fløyta eller ei harpa, ikkje gjer skilnad på tonar, korleis kann ein då skyna det som vert spela på fløyta eller på harpa? 8Og um ein stridslur gjev uklår ljod, kven lagar seg då til strid?#4 Mos 10,9 9Soleis og med dykk: Um de med tunga ikkje talar tydelege ord, korleis kann ein då skyna det som vert sagt? De talar då burt i veret. 10So mange slag mål er der no visst i verdi, og ikkje noko av dei er utan meining. 11Um eg då ikkje kjenner meiningi i målet, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg. 12Soleis og med dykk: Når de strevar etter dei åndelege gåvone, so søk å få dei i rikt mål til uppbyggjing for kyrkjelyden. 13Difor skal den som talar med tunga, beda um at han må kunna tyda det! 14For um eg bed med tunga, so bed mi ånd, men vitet mitt er utan frukt. 15Korleis er det då? Eg vil beda med åndi, men eg vil og beda med vitet; eg vil lovsyngja med åndi, men eg vil og lovsyngja med vitet.#1 Kor 14,19 16For dersom du lovar Gud med åndi, kor kann då nokon millom dei ukunnige segja amen til di takkebøn? Han veit ikkje kva du segjer; 17for du held vel ei fager takkebøn, men den andre vert ikkje uppbygd. 18Eg takkar Gud: eg talar meir med tunga enn de alle; 19men i ein kyrkjelyd vil eg heller tala fem ord med vitet mitt, so eg kann læra andre, enn ti tusund ord med tunga. 20Brør, ver ikkje born i vit! Ver born i vondskap, men i vit skal de vera fullvaksne!#Matt 18,3; Rom 16,19; Ef 4,14-15; Hebr 5,12 21Det stend skrive i lovi: Ved folk som hev framand tunga, og ved framande lippor vil eg tala til dette folket, og endå skal dei ikkje høyra på meg, segjer Herren.#Jes 28,11-12 22So er då tungone til eit teikn, ikkje for dei som trur, men for dei vantruande; men profettalen er ikkje for dei vantruande, men for dei som trur. 23Um då heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar med tungor, og det so kjem inn ukunnige eller vantruande, vil dei ikkje då segja at de er frå vitet? 24Men um alle talar profetisk, og det so kjem inn ein vantruande eller ukunnig, so vert han refst av alle, dømd av alle, 25dei løynde tankane i hjarta hans vert openberra, og so vil han kasta seg å gruve og tilbeda Gud, og vitna at Gud er sanneleg millom dykk.#Sak 8,23 26Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, hev kvar av dykk ein salme eller ein lærdom eller ei openberring eller ei tunga eller ei tyding: lat alt vera til uppbyggjing!#1 Kor 12,8-10 27Talar nokon med tunga, so lat det vera tvo eller i det høgste tri kvar gong, og ein i senn, og EIN må tyda det! 28Men er det ingen som kann tyda, so skal han tegja i kyrkjelyden, men tala for seg sjølv og for Gud. 29Men av profetar tale tvo eller tri, og dei andre må døma um det!#1 Joh 4,1 30og fær ein annan ei openberring medan han sit der, so skal den fyrste tegja. 31For de kann alle tala profetisk, ein i senn, so alle kann få lærdom og alle få påminning; 32og profetånder er profetar lydige; 33for Gud er ikkje ustyrs Gud, men freds Gud.#Rom 15,33 34Liksom i alle kyrkjelydane åt dei heilage, so skal kvinnone dykkar tegja i kyrkjelyd-samlingane; for dei hev ikkje lov til å tala, men må vera undergjevne, so som lovi segjer.#1 Kor 11,3; 1 Tim 2,12; 1 Mos 3,16 35Men vil dei hava greida på noko, so lyt dei spyrja sine eigne menn heime; for det er usømeleg for ei kvinna å tala i kyrkjelyd-samling. 36Eller var det frå dykk Guds ord gjekk ut? Eller er det kome berre til dykk? 37Trur nokon at han er profet eller åndeleg, so må han skyna at det eg skriv til dykk, er Herrens bod. 38Men um nokon ikkje skynar det, so fær han lata det uskyna. 39Difor, brør, streva etter å kunna tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tungor; 40men lat alt ganga sømeleg og skipeleg til!#1 Kor 14,33; Kol 2,5

Currently Selected:

1. Korintar 14: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in