1
1. Korintar 15:58
Bibel 1938 - Bibelselskapet
Difor, mine kjære brør, ver støde og urikkelege, alltid rike i Herrens gjerning, etter di de veit at arbeidet dykkar ikkje er fåfengt i Herren!
Compare
Explore 1. Korintar 15:58
2
1. Korintar 15:57
men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!
Explore 1. Korintar 15:57
3
1. Korintar 15:33
Far ikkje vilt! Låkt lag spiller gode seder.
Explore 1. Korintar 15:33
4
1. Korintar 15:10
men av Guds nåde er eg det som eg er, og hans nåde mot meg hev ikkje vore til fåfengs; men meir enn dei alle hev eg verka, då ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.
Explore 1. Korintar 15:10
5
1. Korintar 15:55-56
Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger? Men brodden i dauden er syndi, og krafti i syndi er lovi
Explore 1. Korintar 15:55-56
6
1. Korintar 15:51-52
Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapte, i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapte.
Explore 1. Korintar 15:51-52
7
1. Korintar 15:21-22
For etter di dauden kom ved eit menneske, so er og uppstoda av daude komi ved eit menneske; for liksom alle døyr i Adam, so skal og alle verta levandegjorde i Kristus.
Explore 1. Korintar 15:21-22
8
1. Korintar 15:53
For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom.
Explore 1. Korintar 15:53
9
1. Korintar 15:25-26
For han skal vera konge til dess han fær lagt alle sine fiendar under sine føter. Den siste fienden som vert tynt, er dauden
Explore 1. Korintar 15:25-26
Home
Bible
Plans
Videos