Johannes' openberring 18
18
Babylons fall
1Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. #18,2 Babylon dekknamn for Roma. Sjå 1 Pet 5,13. #Jes 13,21; Jer 50,39; Op 14,8 3For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»#14,8; 17,2
4Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. #Jes 48,20; Jer 51,6; 2 Kor 6,17 5For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. #1 Mos 18,20f; Jer 51,9 6Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt. #Sal 137,8; Jer 50,15.29 7Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.» #Jes 47,7ff 8Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.
9Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn. #Esek 26,16f; 27,30ff 10Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: «Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.» #Jer 51,8 11Kjøpmennene på jorda skal gråta og syrgja over henne, fordi ingen kjøper varene deira lenger: #Esek 27,36 12skipslaster av gull og sølv, dyre steinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak; alle slag angande tre, alle slag ting av elfenbein og verdfullt tre og kopar, jern og marmor; #Esek 27,12ff 13kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak; vin og olje, fint mjøl og kveite; storfe og småfe, hestar, vogner og trælar, levande menneske.
14Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir. 15Dei som handlar med slikt, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skræmde av hennar liding. Dei skal gråta og syrgja #Esek 27,36 16og seia: «Ve, ve deg, du store by, du som var kledd i fint lin og purpur og skarlak, og som lyste av gull og dyre steinar og perler! 17På éin time er all denne rikdomen tapt.»
Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte. #Esek 27,27ff 18Dei såg røyken då ho brann og ropa: «Kvar finst maken til denne store byen?» 19Og dei kasta støv over hovudet, og gråtande og syrgjande ropa dei: «Ve, ve den store byen, der alle som har skip i sjøen, har vorte rike av dei dyre eignelutene hennar! På éin time er alt lagt øyde.»
20Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk.#Jes 44,23; Jer 51,48
21Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: «Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast. #Jer 51,63f 22Harpespelarar og songarar, fløytespelarar og basunblåsarar, aldri meir skal dei høyrast i deg. Handverkarar av alle slag, i deg skal dei aldri meir finnast. Kverna som durar, i deg skal ho aldri meir verta høyrd. #Jes 24,8; Esek 26,13 23Ljoset frå lampa, i deg skal det aldri meir lysa. Røyster frå brur og brudgom, i deg skal dei aldri meir høyrast. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte. #Jer 7,34; 16,9; 25,10; Jes 23,8; 47,9 24I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.»#Jer 51,49; Op 16,6; 17,6
Currently Selected:
Johannes' openberring 18: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2