Johannes' openberring 17
17
Domen over Babylon
(17,1–19,10)
Den store skjøkja
1Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: «Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn. #17,1 den store skjøkja eit bilete på Roma. #Jer 51,13; Op 15,1 2Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.»#Jer 51,7; Op 14,8
3I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn. #13,1 4Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt. #18,16 5På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: «Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.» 6Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.
Eg vart full av undring då eg såg henne. #18,24 7Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. 8Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.#13,1+; 3,5+
9Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: #17,9 sju høgder Roma låg på sju høgder. #13,18 10Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. #19,20 12Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. #Dan 7,24 13Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»#5 Mos 10,17; 1 Tim 6,15; Op 19,16
15Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. #Jes 8,7; Op 17,1 16Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. #17,12 17For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»
Currently Selected:
Johannes' openberring 17: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2