Johannes' openberring 19
19
Det store koret i himmelen
1Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:#19,1 Halleluja hyllingsrop, kjent frå den jødiske gudstenesta. Det tyder: «Lovpris Herren!»
Halleluja!
Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,
2for sanne og rettferdige er hans domar.
Han har dømt den store skjøkja,
ho som øydela jorda med si utukt,
og blodet av tenarane sine
har han kravt av hennar hand. #Sal 19,10; 119,137; Op 16,7; 5 Mos 32,43
3Endå ein gong ropa dei:#Jes 34,10; Op 14,11
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
4Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» #4,2+.4.6ff 5Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»#Sal 22,24; 115,13; 135,1
6Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:#14,2; 11,15.17
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg; #Joh 3,29+; Op 21,9
8ho har fått ein bunad av skinande reint lin. #Jes 61,10
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» #Matt 22,2ff; Luk 14,15 10Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.#22,8f
Kristus kjem att og sigrar
(19,11–22,5)
Sigerherren på den kvite hesten
11Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. #3,14 12Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. #1,14 13Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». #Jes 63,1ff; Joh 1,1 14Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. #3,4+ 15Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. #Hebr 4,12+; Sal 2,9; Op 2,27; 12,5; 14,19f 16På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.#17,14+
17Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! #Esek 39,17ff 18De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»
19Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. #Sal 2,2; Op 16,14.16; 17,12ff 20Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. #Dan 7,11; Op 13,11ff.16+; 14,10+ 21Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.#Esek 39,17.20
Currently Selected:
Johannes' openberring 19: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2