YouVersion Logo
Search Icon

Johannes' openberring 11

11
Templet og dei to vitna
1Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! #Esek 40,3ff 2Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. #Luk 21,24; Op 13,5 3Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda. #Sak 4,2ff 5Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten. #2 Kong 1,10; Jer 5,14 6Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.#1 Kong 17,1; 2 Mos 7,17ff
7Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. #13,1ff 8Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.#Joh 16,20
11Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. #Esek 37,5.10 12Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. #2 Kong 2,11 13I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.#Esek 38,19f
14Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.#8,13
Den sjuande basunen
15Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:#Sal 10,16; 22,29; Dan 7,14.27
Vår Herre og hans salvevigde
har fått herredøme,
og han skal vera konge i all æve.
16Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud #4,4 17og sa:#1,4+; 19,6
Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,
du som er og som var,
fordi du har teke di store makt
og vorte konge.
18Heidningfolka vart harme,
men no er din vreidedag komen,
og tida då dei døde skal dømast.
Då skal du løna tenarane dine
profetane, dei heilage
og dei som har age for ditt namn,
små og store,
og øyda dei som øyder jorda. #Sal 2,1.5f; Rom 2,5; Sal 115,13
19Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.#1 Kong 8,1ff; Op 8,5

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in