YouVersion Logo
Search Icon

Johannes' openberring 12

12
Den store striden
(Kap. 12–14)
Kvinna og draken
1Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. #12,1 ei kvinne Kvinna er eit bilete på Guds folk, som Kristus er komen frå. Sjå Jes 66,7; Mi 4,10. 2Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.#Mi 4,9f
3På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. #Dan 7,7 4Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. #Dan 8,10 5Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. #Sal 2,9; Op 2,27 6Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.#11,2f
7Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; #12,7 Mikael [D.] #Dan 10,13.20; 12,1; Jud 9 8men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. #1 Mos 3,1ff; Luk 10,18; Joh 12,31; Op 20,2f 10Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. #11,15; Sak 3,1 11Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»#Jes 49,13
13Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. #Jes 40,31 15Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. #11,7; 13,7 18Og han vart ståande på stranda ved havet.

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in