YouVersion Logo
Search Icon

Johannes' openberring 10

10
Engelen med den vesle boka
1Eg såg ein annan, mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var kledd i ei sky og hadde regnbogen om hovudet; andletet var som sola og føtene som eldsøyler. #4,3; 1,15f 2I handa hadde han ei lita, opna bok. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda #5,1 3og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene. #Am 1,2; 3,8 4Etter at dei hadde tala, ville eg til å skriva; men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje opp!» #Dan 8,26; 12,4.9 5Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte den høgre handa mot himmelen #5 Mos 32,40; Dan 12,7 6og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som finst der: «Tida er ute. #2 Mos 20,11 7Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds løynlege plan vera fullført, så som han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»#Am 3,7
8Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter til meg: «Gå bort og få den opne boka frå engelens hand, han som står på havet og på jorda.» 9Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.» #Esek 2,8; 3,1ff 10Så tok eg den vesle boka or handa på engelen og åt henne, og i munnen smaka ho søtt som honning; men då eg hadde svelgt henne, kjende eg at det sveid i magen. 11Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål, og mot mange kongar.»#Jer 1,10; 25,30

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in