Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.» Så tok eg den vesle boka or handa på engelen og åt henne, og i munnen smaka ho søtt som honning; men då eg hadde svelgt henne, kjende eg at det sveid i magen.