YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 7

7
Storflaumen
1Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For eg har sett at berre du er rettferdig for meg i denne ætta. #6,9+ 2Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho, og av dei dyra som ikkje er reine, eitt par, hann og ho, 3og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, så ættene deira kan haldast i live på jorda. 4For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og rydja ut av jorda alt liv som eg har skapt.» 5Og Noah gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt. 6Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.
7Så gjekk dei inn i arka, Noah og sønene hans, kona og sonekonene hans, og ville berga seg for vassflaumen. #Matt 24,38; 1 Pet 3,20 8Av dei reine og dei ureine dyra, av fuglane og alt som kryp på marka, 9kom to og to, hann og ho, inn i arka til Noah, som Gud hadde sagt.
10Då no dei sju dagane var lidne, kom storflaumen over jorda. 11I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder frå det store havdjupet fram, og himmellukene opna seg. #8,2 12Og regnet strøymde ned på jorda i førti dagar og førti netter. 13Den dagen gjekk Noah inn i arka, og Sem, Kam og Jafet, sønene til Noah, og kona til Noah og dei tre sonekonene hans, 14dei og alle slag villdyr, alle slag fe og alle slag kryp som krælar på jorda, alle slag fuglar og alle dyr som har venger å flyga med. 15Dei kom inn i arka til Noah, to og to av alle skapningar som har livsande i seg. 16Hann og ho av alt som lever, kom inn til han, som Gud hadde sagt. Og Herren lét att døra etter han.
17No fløymde vatnet over jorda i førti dagar. Det steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda. 18Ja, vatnet auka uhorveleg på jorda, og arka flaut på vatnet. 19Høgare og høgare steig det over jorda, så alle dei høge fjella under himmelen vart gøymde. 20Femten alner steig det over fjella, og dei vart borte.
21Då døydde alt liv som rørte seg på jorda, både fugl og fe og villdyr, alt krypet som krælar på jorda, og alle menneska. #Matt 24,38f; 2 Pet 3,6 22Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde. 23Såleis rudde Herren ut kvar levande skapning på jorda, både folk og fe og kryp og fuglane under himmelen; alt vart utrudt frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. 24Og vatnet flødde over jorda i hundre og femti dagar.

Currently Selected:

1. Mosebok 7: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in