YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 6

6
Vondskapen aukar på jorda
1Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer. 2Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha. #Job 1,6; Sal 89,7 3Då sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.»
4På den tid, og sidan òg, var det kjemper på jorda. For gudesønene levde saman med menneskedøtrene og fekk born med dei. Det var dei veldige mennene frå eldgamal tid, dei namngjetne.
5Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang. #8,21; Sal 14,3; Matt 15,19 6Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt. #1 Sam 15,11.29.35 7Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.» 8Men Noah fann nåde hjå Herren.
Noahs ark
9Dette er soga om Noah og ætta hans. Noah var ein rettferdig og ulastande mann mellom dei som levde på den tid. Han ferdast med Gud. #5,24; Hebr 11,7; 2 Pet 2,5 10Noah fekk tre søner: Sem, Kam og Jafet. 11Men jorda vart verre og verre i Guds augo; ho vart full av urett. 12Då Gud såg på jorda, var ho utskjemd; for alle menneske over heile jorda gjekk på vonde vegar.
13Då sa Gud til Noah: «Eg har sett meg føre å gjera ende på kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydja dei ut av jorda. 14Du skal laga deg ei ark av sypresstre, innreia henne med mange rom og tjørebre henne både innvendes og utvendes. #6,14 ark stor husbåt; vårt ord kjem av lat. ‘arca‘ (= kiste). 15Såleis skal du laga arka: Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg. 16Eit tak skal du leggja på arka. Bruk alnemål når du arbeider med det! Set ei dør på den eine sida, og bygg arka i tre høgder! 17No vil eg la storflaumen koma over jorda og tyna kvar skapning som det er livspust i. Alt som lever på jorda, skal døy. 18Men med deg vil eg gjera ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og sonekonene dine med deg. #9,9 19Av alle levande skapningar skal du ta eitt par av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal det vera. #7,2f 20Eitt par av kvart slag skal koma inn til deg, av alle slag fuglar og alle slag fe og alle slag krypdyr på marka, så dei kan berga livet. 21Du skal samla deg eit lager av alt som kan brukast til mat; det skal vera til føde for deg og for dei.» 22Og Noah gjorde så; han gjorde i eitt og alt som Gud hadde sagt.

Currently Selected:

1. Mosebok 6: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in