YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 5

5
Menneskeætta før storflaumen
1Dette er boka om Adams-ætta. Den dagen Gud skapte mennesket, skapte han det i Guds bilete. #1,27 2Til mann og kvinne skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske, den dagen dei vart skapte.
3Då Adam var 130 år, fekk han ein son som var så lik han som hans eige bilete, og han kalla han Set. #4,25; 1 Krøn 1,1ff 4Etter at Adam hadde fått Set, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer. 5Heile levetida åt Adam vart 930 år. Så døydde han.
6Då Set var 105 år, fekk han sonen Enosj. 7Etter at Set hadde fått Enosj, levde han endå 807 år og fekk søner og døtrer. 8Heile levetida åt Set vart 912 år. Så døydde han.
9Då Enosj var 90 år, fekk han sonen Kenan. 10Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer. 11Heile levetida åt Enosj vart 905 år. Så døydde han.
12Då Kenan var 70 år, fekk han sonen Mahalalel. 13Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han endå 840 år og fekk søner og døtrer. 14Heile levetida åt Kenan vart 910 år. Så døydde han.
15Då Mahalalel var 65 år, fekk han sonen Jared. 16Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer. 17Heile levetida åt Mahalalel vart 895 år. Så døydde han.
18Då Jared var 162 år, fekk han sonen Enok. 19Etter at Jared hadde fått Enok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer. 20Heile levetida åt Jared vart 962 år. Så døydde han.
21Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah. 22Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer. 23Heile levetida åt Enok vart 365 år. 24Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg.#6,9; 2 Kong 2,11; Hebr 11,5
25Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek. 26Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer. 27Heile levetida åt Metusjalah vart 969 år. Så døydde han.
28Då Lamek var 182 år, fekk han ein son. 29Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep med den jorda som Herren har forbanna.» #3,17 30Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer. 31Heile levetida åt Lamek vart 777 år. Så døydde han.
32Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet.

Currently Selected:

1. Mosebok 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy