YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 4

4
Kain og Abel
1Adam levde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har fått ein gut av Herren.» #4,1 Kain Namnet vert her sett i samband med eit hebr. ord som tyder å få eller å få tak i. 2Sidan fekk ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjætar, Kain vart jordbrukar.#4,2 Abel Namnet tyder pust, forgjengelegdom.
3Då det leid av ei tid, hende det at Kain bar fram for Herren eit offer av grøda på marka. 4Abel bar fram offer, han òg; han gav av dei fyrstefødde lamma i saueflokken sin og feittet deira. Herren såg med velvilje på Abel og hans offergåve, #2 Mos 34,19; Hebr 11,4 5men ansa ikkje Kain og gåva hans. Då vart Kain brennande harm og stirte nedfor seg.
6Herren sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor stirer du ned for deg? 7Korleis er det? Har du godt i tankar, kan du lyfta augo. Men har du ikkje godt i tankar, ligg synda framfor døra og lurer. Ho trår etter deg, men du skal halda henne i age.»#Job 11,14f; Rom 6,12.16
8Sidan sa Kain til Abel, bror sin: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Og medan dei var der ute, rauk Kain på Abel, bror sin, og slo han i hel.#1 Joh 3,12
9Då sa Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg vakta bror min?» 10Då sa Herren: «Kva er det du har gjort? Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jorda! #Hebr 12,24 11No skal du vera bannlyst frå den jord som opna munnen og tok imot blodet åt bror din frå di hand. 12Når du dyrkar marka, skal ho ikkje meir gje deg si grøde. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jorda.»
13Då sa Kain til Herren: «Straffa mi er så stor at eg ikkje kan bera henne. 14Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg og vera heimlaus og fredlaus på jorda, og den som finn meg, kjem til å slå meg i hel.» #Job 15,20f 15Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain, så ingen som møtte han, skulle drepa han. #4,15 merke teikn, t.d. på panna, som syner at ein er verna av Gud. Sml. Esek 9,4. 16Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austanfor Eden.#4,16 Nod ukjent land, namnet likjest det hebr. ordet for fredlaus. Sml. v. 12 og 14.
Kains-ætta
17Kain levde saman med kona si, og ho vart med barn og fødde Hanok. Kain bygde ein by og kalla han Hanok etter son sin. 18Hanok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael fekk sonen Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.
19Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla. 20Ada fekk sonen Jabal. Han vart ættefar til dei som bur i telt og held buskap. 21Bror hans heitte Jubal. Han vart ættefar til alle dei som spelar på lyre og fløyte. 22Silla fekk òg ein son, Tubalkain. Han smidde alle slag reiskapar av bronse og jern. Syster til Tubalkain var Na’ama.
23Lamek sa til konene sine:
«Ada og Silla, høyr mi røyst,
Lameks koner, lyd på mine ord:
Ein mann drep eg for kvart sår
og ein gut for kvar skråme ¬eg får.
24Kain skal hemnast sju gonger,
men Lamek syttisju gonger.» #4,15
Sets-ætta
25Adam kom saman med kona si att, og ho fekk ein son og kalla han Set.
«For Gud har gjeve meg ¬ein annan son
og sett han i staden for Abel,
sidan Kain slo han i hel.»
26Set fekk òg ein son og kalla han Enosj. På den tid tok dei til å kalla på Herrens namn.#12,8

Currently Selected:

1. Mosebok 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy